Valg av digitalt verktøy til studiet

For å sikre at du har tilgang til alle nødvendige program og verktøy i studieløpet, er det viktig å velje eit digitalt verktøy som er støtta av utdanningsinstitusjonen. Nedanfor finn du ei liste over operativsystem som er kompatible med dei fleste program og verktøy brukt i studia.

Støtta operativsystem

Windows

  • Windows 10: Ein stabil og allsidig versjon som støttar dei fleste utdanningsprogram.
  • Windows 11: Den nyaste versjonen med oppdaterte funksjonar og betre yting for nye program.

Mac

  • macOS 10.14 (Mojave): Ein eldre, men stabil versjon som framleis støttar mange program.
  • macOS 10.15 (Catalina): Forbetringar frå Mojave med betre sikkerheit og yting.
  • macOS 11.6 (Big Sur): Nyare versjon med oppdatert brukargrensesnitt og funksjonar.
  • macOS 12.0 (Monterey): Fleire nye funksjonar og betre integrasjon med andre Apple-enheter.
  • macOS 13 (Ventura): Den siste versjonen med mange nye funksjonar og forbetringar.
  • macOS 14 (Sonoma): Den nyaste versjonen som tilbyr dei mest oppdaterte funksjonane og sikkerheitsforbetringane.

Ustøtta enheter

Chromebook, ARM, iPad og nettbrett

  • ARM-Pc: ARM-baserte PC-ar kan ha kompatibilitetsproblem med enkelte program som er nødvendige for studiet ved HVL. Mange program er optimalisert for x86-arkitektur, og ARM-PC-ar kan derfor ha avgrensa funksjonalitet eller manglande støtte for viktige verktøy.
  • Chromebook: Enkelte utdanningsprogram og verktøy fungerer ikkje på Chrome OS. Vi rår derfor frå å kjøpe Chromebook til studiet.
  • iPad og andre nettbrett: Desse enhetene støttar ikkje alle nødvendige program og kan ha begrensningar i funksjonalitet samanlikna med ein tradisjonell laptop eller desktop.

Begrensningar med ustøtta enheter

  • Programvarekompatibilitet: Nokre spesialiserte program som blir brukt i undervisinga ved HVL, er ikkje kompatible med Snapdragon- eller ARM-prosessorar, noko som kan føre til avgrensa funksjonalitet eller feil i programkøyring.
  • Referanseverktøy: Ustøtta enheter kan ikkje bruke EndNote, eit viktig verktøy for referansehandtering i akademiske arbeid.
  • Digital låst skuleeksamen: Ustøtta enheter fungerer ikkje med Wiseflow, systemet som blir brukt til digitale låste skuleeksamenar.

For å sikre at du kan bruke alle nødvendige program og verktøy gjennom studieløpet, anbefaler vi å investere i ein laptop eller desktop med eit av dei støtta operativsystema. Dette vil gi deg den beste opplevinga og sikre at du har tilgang til alle verktøy du treng for å lukkast i studia.

Viktig informasjon om ARM-baserte PCar:

Ver merksam på at PCar med ARM-prosessorar dessverre ikkje er kompatible med skulen sin programvare. Vi anbefaler difor at du brukar ein PC med x86- eller x64-arkitektur for å sikre at all naudsynt programvare fungerer som den skal. Er du usikker på kva type PC du skal kjøpe, ta gjerne kontakt med butikkar eller fagleg ansvarlig for rettleiing.

Krav til digitale verktøy

Enkelte studieprogram ved Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnfsvitskap har eigne krav til kva digitale verktøy som kan brukast. Sjekk med ditt studieprogram om det finst slike krav før du kjøper nytt utstyr.