Studentassistent ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett

Ønskjer du deltidsjobb som studentassistent ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett? På denne sida finn du informasjon om ordninga, kven du kan ta kontakt med og lenke til eventuelle utlysingar.

Utlysing

Fakultetet lyser ikkje ut fleire studentassistentstillingar for studieåret 2024-2025. I staden blir det gjort avtale direkte i dialog med aktuelle studieprogram og fagmiljø.

Dersom du er interessert i å vere studentassistent, kan du ta kontakt med ein faglærar eller administrativ koordinator, så kontaktinformasjon nederst på denne sida.

Om jobben

Studentassistentar har gjort seg verdifulle erfaringar som student på tilsvarande studieår/emne og nyttar sine fagkunnskapar til beste for nye studentkull. Som studentassistent får du ansvar for å planleggje og gjennomføre treff for studentar i ein eller fleire klasser gjennom semesteret.

Innhaldet i møta kan vere fagleg, om studiemeistring og motivasjon eller rett og slett handle om å bli kjende med kvarandre og faget ein studerer. Målet er å bidra til at studentane lukkast i utdanninga si, både fagleg og sosialt.

Viktig informasjon

  • Du må ha bestått alle emna til klassen du skal vere studentassistent i eller ha bestått tilsvarande emne
  • Du får betalt opplæring
  • Du vil ha ein fagleg kontaktperson som følgjer opp undervegs
  • Vi legg til rette for at du kan ha fleire deltidsstillingar ved høgskulen samtidig.

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge, koordinere og gjennomføre møte med førsteårsstudentar
  • Bidra til at studentane blir betre kjend med kvarandre, og bygge eit godt fagleg og sosialt læringsmiljø
  • Støtte studentane i fagleg arbeid
  • Delta i kontaktmøte med fagmiljø/institutt/fakultet og erfaringsutveksling med andre studentassistentar

Forventningar til deg

  • Du har lyst og er motivert til å arbeide med studentar og å bidra til å etablere godt læringsmiljø
  • Du evner å sjå og lytte til dine medstudentar
  • Du kan arbeide sjølvstendig og liker å samarbeide med andre studentar 
  • Du er strukturert, og er god til å planleggje, men samtidig fleksibel og kan improvisere
  • Du har god innsikt i eige studieprogram og emne som inngår

Arbeidstid, lønn og attest

Jobben er lønna (inkludert opplæring, førebuing og evaluering).

Studentar med påbegynt bachelorgrad får 196 kroner per time (lønstrinn 35)
Studentar med påbegynt mastergrad får 214 kroner per time (lønstrinn 42)
Du får attest frå HVL etter fullført jobb.

Søknader blir behandla av administrasjonen ved FLKI. Spørsmål om stillinga kan du sende til administrativ koordinator.

Kontaktinformasjon

Campuskontakt

  • Bergen - Eli Hilde Borsholm
  • Sogndal - Kirsti Møller Bruland
  • Stord - Vibeke Henriette Kvarven