Canvas - læringsplattformen ved HVL
I Canvas finn studentar informasjon og meldingar frå faglærar, delteki læringsaktivitetar og leverer oppgåver.
Tilgang
For å få tilgang til kurs i Canvas:
- Du må registrere deg til semesteret.
- Du må godkjenne utdanningsplanen din i Studentweb.
- Er du ny student må du aktivere HVL-brukarkontoen din. Det kan ta eit par timar før pålogginga fungerar.
Pålogging
Logg på med Feide-pålogging (same som du brukar for Studentweb og HVL-brukerkontoen):
- Brukernamn er studentnummeret ditt.
- Passordet er det du oppretta ved aktivering av HVL-brukerkontoen.
Mobil-App
I tillegg til å bruke Canvas i nettlesaren på datamaskina di, kan du laste ned appen til mobiltelefon og nettbrett.
Opplæring
For studentar:
- Kom i gong med Canvas
- Ally kan omdanne filene i emnet til det format som styrkar studentens læring
For undervisarar:
- Canvas Instruktør Guiden
- Universell utforming - korleis gjere innhaldet i emnet ditt meir tilgjengeleg
- Ally - eit verktøy i Canvas som måler kor tilgjengeleg innhaldet i emnet er
For alle:
- Canvas videoguidar for studentar og undervisarar (engelsk)
- Info og tips om Canvas og andre digitale verktøy for læring som nyttast på HVL finn du i digitalundervisning. Du kan også finne denne ressursen ved å klikke på HVL-hjelp-ikonet i hovudmenyen i Canvas.
Hjelp
Sit du fast i Canvas? Sjå etter tips på Digitalundervisning eller ta kontakt med canvas@hvl.no.
Har du problem med programvare eller maskinvare? Ta kontakt med IT-hjelp.