Namneendring

Kva skal eg gjere dersom eg endrar namn medan eg er student ved HVL?

Namnet ditt skal til ei kvar tid vere oppdatert i studentregistra våre, og det er ditt ansvar å gi oss melding dersom du endrar namn. Det er inga automatisk kobling mellom Folkeregisteret sitt system og vårt. Vi kan ikkje endre namnet ditt i våre system utan gyldig dokumentasjon. Gyldig dokumentasjon på namne-endringa skal derfor leverast i Servicetorget ved din campus snarast råd etter endringa.

Kva blir rekna som gyldig dokumentasjon?

  • Stadfesting frå Folkeregisteret / Skatteetaten (via Altinn)
  • Gyldig kopi av vigselsattest der det er aktuelt

Dokumentasjonen skal innehalde fullt namn og fødselsnummer (11 siffer). 
Pass, bankkort, sertifikat eller liknande er ikkje gyldig dokumentasjon sidan det ikkje viser namnet ditt før namneendringa.

Treng eg nytt studentkort når eg har endra namn?  

Ja. Ta kontakt med Servicetorget ,så får du eit nytt studentkort gratis. Det gamle studentkortet leverer du inn til makulering før du får utlevert det nye.

Kva namn vil stå på vitnemålet mitt?  

Vitnemål blir berre utstedt ein gong, og vil alltid bli utskrive i det namnet vi har registrert når vitnemålet blir laga. Ta kontakt med oss i god tid før vitnemålsutskriving dersom du har endra namn.