Krav til oppmøte

Her finn du som student informasjon om krav til oppmøte når du er i praksis.

Kravet om oppmøte kan ikkje fråvikast på grunn av sjukdom, gyldig eller ugyldig fråvær. Når kravet til oppmøte ikkje er oppfylt, blir praksisen vurdert til ikkje bestått. 

Kravet om oppmøte går fram av studieplanen eller emneplanen din. Du finn også nærare informasjon knytt til fråvær på praksisnettsidane for dei einskilde utdanningane. 

Gyldig fråvær frå praksis

Høgskulen avgjer i kvart enkelt tilfelle kva som er gyldig fråvær. Gyldig fråvær er:

  • eigen sjukdom og barn sin sjukdom
  • dødsfall i nær familie eller hos andre studenten har eit nært forhold til
  • gravferd eller bisetjing, jf. førre punkt
  • pålegg frå offentleg mynde om at studenten pliktar å møte fram ein annan stad
  • forhold utanfor studenten sin kontroll som gjer det sterkt urimeleg å krevje at studenten gjennomfører ein eller fleire dagar av praksisperioden.

Krav til dokumentasjon

Du må dokumentere gyldig fråvær (til dømes sjukmelding, legeerklæring, velferdpermisjon) og melde frå til praksisplassen din. Dokumentasjonen leverer du til praksisplassen din så snart som mogleg og innan tre virkedagar.

Dersom sjukdommen varer meir enn tre dagar, må du levere sjukmelding til Høgskulen. Du må også gje beskjed til kontaktpersonen din ved Høgskulen.

  • Du må dokumentere sjukdom med ein attest frå lege, psykolog eller annan sakkunnig person. Attesten må opplyse om at den er utstedt i høve fråvær frå praksis arrangert av Høgskulen på Vestlandet, og at fråværet gjeld ein bestemt dag eller dagar.
  • Når praksisperioden din har starta, må attest frå lege, psykolog eller annan sakkunnig person vere utstedt før eller på den første fråværsdagen, eller seinast første kvardag etter denne dagen.
  • Ved dødsfall, gravferd eller bisetjing må du oppgje kven som har gått bort og kva for relasjon du hadde til avdøde.
  • Andre omstende som blir rekna som gyldig fråvær må dokumenterast.

For korte praksisperiodar som er på tre veker eller mindre, kan andre reglar gjelde. Sjå studieplanen din for meir informasjon.