Studie- og karriererettleiing Sogndal
Treng du nokon å snakke med om studiet ditt, vegen vidare eller ønsker gjennomgang av CV og jobbsøknad? Vi er her for deg!
Du finn Studie- og karriererettleiinga i 3. etasje Høgskulebygget.
Det kan vere fint å få hjelp til å sortere tankar og sjå moglegheiter, og vi i Studie- og karriererettleiinga vil gjerne vere ein samtalepartnar for deg. Det er du sjølv som må ta vala, men vi kan hjelpe deg på vegen og gi konstruktive innspel. Du kan snakke med oss om:
- motivasjon, stress, bekymringar
- studieteknikk og eksamensmestring
- studierett og permisjon
- utdanningsplan, godskriving og fritak
- utveksling
- tilrettelegging i studiet
- gjennomgang av jobbsøknad og CV
- kva kan eg bruke utdanninga mi til, og kva ønskjer eg eigentleg å jobbe med?
Slik kjem du i kontakt med oss
Du kan enten bestille tid til rettleiing via bestillingssystemet vårt, eller du kan komme på drop-in. Du kan også nå oss på epost: karrieresenteret@hvl.no
Bestill samtale herTidspunkt for drop-in:
- Tysdag kl. 10-12: Eining for læringsmiljø og læringsstøtte (Tilrettelegging, rettleiing på jobbsøknad og cv, studiemestring, studieteknikk)
- Tysdag kl. 12-14: Fornybar energi, Geologi og geofare, Landskapsforvaltning med landskapsarkitektur, Master in Climate Change
- Onsdag kl. 10-12: Sosialt arbeid, barnevern, vernepleie
- Onsdag kl. 12-14: Handelshøgskulen (reiseliv, økonomi og administrasjon, eigedomsmegling, økonomi og jus, jus, sosiologi, historie)
- Torsdag kl. 10-12: Eining for læringsmiljø og læringsstøtte (Tilrettelegging, rettleiing på jobbsøknad og cv, studiemestring, studieteknikk)
- Torsdag kl. 12-14: Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett
Følg oss på Facebook for artiklar og tips om jobbsøkarprosess og arbeidsliv!
Jobbsøkjarkurs
Vi arrangerer jobbsøkjarkurs fleire gonger i semesteret.
Kven møter du i studie- og karriererettleiinga?
Turid Mølmesdal er leiar av Studie- og karriererettleiinga.