Treng du nokon å snakke med i Haugesund?

I koronasituasjonen lever vi med ei usikkerheit som vi ikkje er vant til, og det sosiale livet er avgrensa. Dette kan vere ei psykisk belastning og mange kan oppleve at livet er vanskeleg. Då kan det hjelpe å snakke eller skrive med nokon.

Studentombodet

Studentombodet er ein uavhengig bistandsperson som kan gje deg som er student råd om kva rettar du har i høve til studiesituasjonen din. Studentombodet har kontor ved campus Bergen, rom M113 i K2.

Informasjon om studentombodet

 

Studenttelefonen er eit gratis og anonymt lågterskeltilbod for alle studentar. Telefon og chat er open alle dagar, kl. 17.00–07.00 (også i helger og høgtider).

Hjelpetelefonen til Mental Helse er ei gratis døgnopen telefonteneste for alle som treng nokon å snakke med. Du kan vere anonym, og den du snakkar med, har teieplikt. Nummeret er 116 123. Dei har òg ein chat på sidetmedord.no.

Ta gjerne kontakt med Saman sine rådgivarar og psykologar.

Du kan óg ta kontakt med Kirkens SOS22 400 040 heile døgnet. SOS-chat er open alle kvardagar 18.30–22.30. Du kan vere anonym.

Sjekk også ut: