Treng du nokon å snakke med på Stord?
Livet kan til tider vere krevjande, også i studietida. Då kan det ofte hjelpe å snakke eller skrive med nokon.
Studentombodet
Studentombodet er ein uavhengig bistandsperson som kan gje deg som er student råd om kva rettar du har i høve til studiesituasjonen din.
Informasjon om studentombodet
Studenttelefonen er eit gratis og anonymt lågterskeltilbod for alle studentar. Telefon og chat er open alle dagar, kl. 17.00–07.00 (også i helger og høgtider).
Hjelpetelefonen til Mental Helse er ei gratis døgnopen telefonteneste for alle som treng nokon å snakke med. Du kan vere anonym, og den du snakkar med, har teieplikt. Nummeret er 116 123. Dei har òg ein chat på sidetmedord.no.
Ta gjerne kontakt med Saman sine rådgivarar og psykologar.
Du kan óg ta kontakt med Kirkens SOS på 22 400 040 heile døgnet. SOS-chat er open alle kvardagar 18.30–22.30. Du kan vere anonym.
Sjekk også ut:
- Oversikt over telefon- og chattetenester
- Når livet er vanskelig i koronasituasjonen
- På den sikre siden