Auckland University of Technology

Studerer du engelsk ved Høgskulen på Vestlandet? Ta utveksling i New Zealand sin hovudstad Auckland, ein spennande storby som har kort veg til vakre naturopplevingar.

Auckland University of Technology (AUT) er det nest største og det nyaste universitetet på New Zealand. AUT har studentar frå meir enn hundre land, og skulen har totalt cirka 27 000 studentar og 1000 lærarar. Universitetet har tre campusar, North, City og South, og ligg dermed sentralt i Auckland.

Auckland ligg nordvest på Nordøya på New Zealand. Det er den største og mest multikulturelle byen i landet, med over 1,3 millionar innbyggarar, der nesten ein tredjedel er fødd i andre land. Det fører til eit svært godt og variert kulturliv, blant anna når det gjeld underhaldning, mat og mote. New Zealand er i tillegg eit eldorado for den som likar eit aktivt liv, med kort avstand og god tilgang til hav og strender, skogar, stiar, elver og fjell.

På AUT får du gå på Faculty of Culture and Society. Høgskulen på Vestlandet har eit pågåande samarbeidsprosjekt med fakultetet, og har utvikla ein emnepakke som let deg studere fag som er relevante for di utdanning og som dekkar krava i utdanninga, samtidig som dei gir eit unikt perspektiv til lærarutdanninga og deg som framtidig engelsklærar. Dersom du er student i 3. året, får du òg praksis på ein grunnskule i Auckland.

Gjer som Helene, reis på utveksling til Auckland University of Technology:

Praktiske førebuingar

Alle utvekslingsstudentar må ha ei reiseforsikring som er godkjent av AUT. Du kan velja mellom den som AUT tilbyr til ca NZ$ 300 pr semester, eller ein av dei andre forsikringane AUT har godkjent.

Du må ha studentvisum for heile perioden du er på utveksling. Dette søker ein om via New Zealand sin ambassade i London. Aktuelle studentar får meir informasjon om denne prosessen.

I prosjektperioden (2021-2023) kan vi tilby eit utvekslingsstipend som kan hjelpe deg med å dekke forsikringar og visumkostnader.

Du kan få studentbustad gjennom AUT. Dei har studentbustader ved City og North Campus.

Språk

Undervisningsspråket er engelsk. Studentar som reiser på utveksling i 6. semester må ha 30 studiepoeng i engelsk innan avreise, medan studentar som reiser på utveksling i 7. semester må ha 60 studiepoeng i engelsk.

Fagleg godkjenning

For å kunne reise på utveksling, må søknaden din vere godkjent av HVL. I avtalen med AUT ligg det inne “emnepakkar”, som er valt ut av faglærarar til å passa med grunnskulelærarutdanning med engelsk. Emna som blir tilbodne ved AUT er derfor førehandsgodkjent av HVL. Sjå under for spesifikasjon av desse emna.

Kva kan du studere?

Er du student på GLU 1.-7. trinn, kan du reise i 6. eller 7. semester. 

Er du student på GLU 5. - 10. trinn, kan du reise på utveksling i 6. eller 7. semester. Du kan også reise på utveksling til AUT i fag 2 i 3. semester.

I 6. semester tek du fire obligatoriske emne (“papers”) på 15 poeng kvar (tilsvarar 30 norske studiepoeng til saman). I det eine emnet inngår praksis ved ein grunnskule i Auckland, og du skriv ei oppgåve som tilsvarar fou-oppgåva.

Tidlegare har desse fire emna vorte tilbydd i 6. semester:

EDCR613 – Reading. Dette emnet går over berre ei veke med eksamen veka etter, fyrst i semesteret. Det handlar om leseopplæring og literacy, og ein får eit innblikk i ulike metodar for leseopplæring i tillegg til læreplanen på New Zealand.  

ENGL502 – Reading New Zealand 
Emnet ser på ulike tekstar og teksttypar, både avtalar, romanar, dikt, skodespel, film, musikk og bilete, og kva dei betyr for New Zealand og menneska her sin identitet.

ENGL700 – Global English 
Emnet fokuserer på engelsk som eit globalt språk, korleis det har fått denne statusen og korleis engelsk har påverka språk og kulturar rundt om i verda.

EDPT701 – Professional Inquiry into Practice IV: Teaching as Inquiry
Dette er eit emne med ein teoretisk del som førebur deg til å gjennomføra eit utviklingsprosjekt i praksis. Praksis er integrert i dette emnet.

I 7. semester tek du tre emne (“papers”), der to er på 15 poeng, og eitt er på 30 (tilsvarar 30 norske studiepoeng til saman). To emne er obligatoriske, medan det siste er eit val mellom to moglegheiter.

Dei obligatoriske emna i 7. semester er:

EDUC856 – Concepts in Educational Research
Emnet ser på utdanningsforsking og metodar knytt til forsking på utdanning.

EDUC712 – Alternatives in Education
Dette emnet ser på alternativ opplæring, i eit historisk og notidig perspektiv.

Du kan mellom anna velja mellom:

LING801 – Language Analysis
Emnet fokuserer på språkbevisstheit, samanhengen mellom grammatikk og meining, og munnleg språk. Det er eit sentralt emne for å gå djupare inn i den språkvitskaplege delen av engelskfaget.

ENGL701 – New Literatures
I dette emnet studerer ein engelskspråkleg litteratur skriven utanfor Storbritannia og USA, og ser på korleis ulike kulturar og ulike varietetar av engelsk påverkar litteraturen.

Studentar som tek fag 2 i 3. semester tek følgande emner:

ENGL503 - A Pacific Reader

EDUC617 - Working with Maori Students

ENGL603 - Language in Society

EDUC630 - Practicum paper

Kontakt

Dersom du vil vite meir om studietilbodet, kan du kontakte Dania Jovanna Bonness (campus Bergen) eller Mari Skjerdal Lysne (campus Sogndal).