Internasjonale emne ved HVL

Internasjonalisering startar ved HVL. Du kan få globale perspektiv inn i utdanniga gjennom å delta på internasjonale kurs og nettbaserte internasjonale læringsaktivitetar. På denne nettsida finn du ei oversikt over denne typen aktivitetar for studentar på sosialt arbeid, vernepleie og barnevern ved HVL. 

Informasjon til deg som tar:

Sosialt arbeid

1) SABV260 Socio-cultural diversity and inequalities in social work

Emnet SABV260 Socio-cultural diversity and inequalities in social work er eit valfritt emne på 15 studiepoeng som du kan ta i 4. semester om du tar bachelor i sosialt arbeid.

Emnet har ei global orientering, og målet med emnet er å gi kunnskap og kompetanse innan sosialt og kulturelt mangfald og ulikskap, i eit komparativt perspektiv og historisk kontekst, og på tvers av nord-sør-aksen. Du lærer korleis du kan bruke sosialt arbeid i befolkningar som er kjenneteikna av mangfald og sosial ulikskap, og korleis menneskerettar og sosioøkonomisk rettferd kan bli fremma i desse befolkningane.

2) Vircamp

Altarnativt kan studentar på bachelorutdanninga i sosialt arbeid ta inntill 15 studiepoeng frå Vircamp. Vircamp er eit europeisk sosialt arbeid-konsortium av seks institusjonar for høgare utdanning lokalisert i Belgia, Tyskland, Norge og Spania. VirCamp har rik og lang kompetanse på organisering og koordinering av internasjonale kurs i sosialt arbeid på ein virtuell campus.

Du kan velje opptil fire internasjonale e-kurs innan sosialt arbeid, som lar dei vere ein del av eit verdsomspennande lærings- og undervisningsfellesskap og få eit breiare perspektiv på internasjonalt sosialt arbeid. Kursa blir undervist av eit internasjonalt team av lærarar frå Vircamp-partnarinstitusjonane.

Vircamp tilbyr desse e-kursa:

  1. Social work from an international perspective
  2. Social exclusion and inclusive practices in Social Work
  3. Community work from an international perspective
  4. Social and impact entrepreneurship from an international perspective

Du kan ikkje ta både SABV260 or Vircamp, men må velje enten eller. 

Vernepleie

Studentar som tar bachelor i vernepleie, kan velje internasjonale emne i 5. og  i 6. semester.

1) BSVCBE1 Crossing Borders - General Part

Emnet BSVCBE1 Crossing Borders - General Part er på 5 studiepoeng. Du kan ta det i 5. semester.

2) BSVCBE2 Crossing Borders - Ways to improve Participation

Emnet BSVCBE2 Crossing Borders - Ways to improve Participation er på 10 studiepoeng. Du kan ta det i 5. semester.

3) SAVPU301 Praksisstudier. Ut i verden! Tverrprofesjonelt samarbeid på tvers av landegrenser

Emnet SAVPU301 Praksisstudier. Ut i verden! Tverrprofesjonelt samarbeid på tvers av landegrenser er på 15 studiepoeng. Du kan ta det i 5. semester.

4) VPL305 Perspective on global Citizenship, Critical reflection and Project work in the south

I 6. semester kan du velje å ta emnet VPL305 Perspective on global Citizenship, Critical reflection and Project work in the south, som er på 15 studiepoeng. I dette emnet har HVL samarbeidspartnarar i Tanzania, Botswana og India.