Autonomous University of Madrid

The Autonomous University of Madrid (Universidad Autónoma de Madrid; UAM) er eit spansk offentleg universitet som vart stifta i 1968. Det har heilt sidan starten våre eitt av Spanias høgast ranka institusjonar. Hovudcampusen ligg 15 kilometer nord for Madrid.

Madrid er hovudstaden i Spania, og er, med sine 3,2 millionar innbygjarar, også den største byen. Madrid er ein moderne storby, og kan tilby det meste av det ein er ute etter når ein besøker slike. Men byen har også teke vare på utsjånaden og opplevinga av dei mange historiske nabolaga. Byen huser også det kongelege palasset, nasjonalteateret og operaen.

Gjeld for

Campus Bergen

Studieavgift

Du betaler ikkje skulepengar ved denne institusjonen, og du kan få Erasmus+ stipend i tillegg til støtte frå Lånekassen.

Frå Lånekassen vil du få same støtte som når du studerer i Norge, i tillegg til reisestøtte. Du må betale semesteravgift til HVL for å få lån og stipend frå Lånekassen i utvekslingsperioden.

Faglig godkjenning

For å kunne søke om utveksling må du ha fått søknaden din godkjend av studieprogrammet ditt ved det fakultetet du tilhøyrer. Ein godkjend søknad inneber blant anna at du har fått ein fagleg førehandsgodkjenning av kurs eller praksis som du skal ta i utlandet. Den faglege førehandsgodkjenninga spesifiserer kva du skal gjere medan du er på utveksling og at desse aktivitetane vert fullt ut godkjend som ein del av din utdanningsplan ved HVL

Kva kan du studere?

Data

Du kan reise på utveksling til UAM i løpet av utdanninga di. Vanlegvis skjer utvekslinga i 4. eller 5. semester.

Felles masterprogram i programutvikling

Du kan reise på utveksling til UAM i løpet av utdanninga di. Snakk med din faglege kontaktperson for å finne ut når i studieløpet ditt det passar best å utveksle.

Informasjonsteknologi

Du kan reise på utveksling til UAM i løpet av utdanninga di. Vanlegvis skjer utvekslinga i 4. eller 5. semester.

PhD Programme of Study in Computer Science: Software Engineering, Sensor Networks and Engineering Computing

Du kan reise på utvekslingsopphald til UAM i løpet av doktorgraden din. Snakk med Internasjonaliseringsadministrasjonen om muligheitene dine.