Hopp til innhald

Carl von Ossietzky University of Oldenburg

Carl von Ossietzky University of Oldenburg ligg i Oldenburg, nordvest i Tyskland. Institusjonen har over 13 700 studentar, fordelt på mange ulike fagfelt. I Tyskland har dei vanlegvis vintersemester mellom september/oktober og mars/april, og sommarsemester frå mars/april til slutten av juli.

Oldenburg ligger nordvest i Tyskland, ikke langt fra vadehavet med sine ekstreme forskjeller mellom høyvann og lavvann. Innbyggerne i Oldenburg bruker gjerne sykkel når de skal fra a til b og byen er stolt av å være verdens hovedstad for grønnkål.

Gjeld for

Campus Sogndal, institutt for miljø og naturvitskap

Erasmus+

Dette er ein Erasmus+ avtale. Som Erasmusstudent deltar du i verdas største utvekslingsprogram og kan studere på gode europeiske universitet utan å betale skulepengar. Gjennom Erasmus+ får du ekstra stipend som gir deg meir pengar til å nyte opphaldet.

Språk

Det er krav om B2 i engelsk.

Alle som reiser på Erasmus+ utveksling må ta språktest på nettet før dei reiser, og får tilgang til eit språkkurs gjennom denne tenesta. Avdeling for Forskning, Internasjonalisering og Innovasjon (AFII) informerer deg før testen.

Kan du dokumentere at delar av studiet vert undervist på tysk, kan du få stønad frå Lånekassen til eit 4 ukers språkkurs som tas i Tyskland i forkant av semesteret.

Studieavgift

Du betaler ikkje skulepengar ved denne institusjonen, og får Erasmus+ stipend i tillegg til støtte frå Lånekassen. Frå Lånekassen vil du få same støtte som når du studerer i Norge, i tillegg til reisestøtte. Du må betale semesteravgift til HVL for å få lån og stipend frå Lånekassen i utvekslingsperioden.

Faglig godkjenning

For å kunne søke om utveksling må du ha fått søknaden din godkjend av studieprogrammet ditt ved det fakultetet du høyrer til. Ein godkjend søknad inneber blant anna at du har fått ein fagleg førehandsgodkjenning av kurs eller praksis som du skal ta i utlandet. Den faglege førehandsgodkjenninga spesifiserer kva du skal gjere medan du er på utveksling og at desse aktivitetane vert fullt ut godkjend som ein del av din utdanningsplan ved HVL.

Kva kan du studere?

Bachelor i geologi og geofare

Det er lagt til rette for studieopphald i utlandet i 5. semester. Ta kontakt med fagleg kontaktperson for meir informasjon.