University College of Northern Denmark

University College of Northern Denmark er ein profesjonshøgskule. Sjukepleiarstudiet er knytt til stadane Hjørring, Thisted og Aalborg. Haustsemesteret varer frå august/september til desember. Vårsemesteret varer frå januar til mai/juni.

Gjeld for

Sjukepleie

Språk

Krav om B2 eller betre i engelsk.

Studieavgift

Som Erasmus+ -student betalar du ikkje studieavgift til den utanlandske institusjonen, tvert imot får du eit Erasmus+-stipend på toppen av støtta frå Lånekassen.

Frå Lånekassen vil du få same støtte som når du studerer i Norge, i tillegg til noko reisestøtte. Du må betale semesteravgift til HVL for å få lån og stipend frå Lånekassen i utvekslingsperioden.

Faglig godkjenning

For å kunne søkje om utveksling må du ha fått søknaden din godkjend av studieprogrammet ditt ved det fakultetet du tilhøyrer. Ein godkjend søknad inneber blant anna at du har fått ein fagleg førehandsgodkjenning av kurs eller praksis som du skal ta i utlandet. Den faglege førehandsgodkjenninga spesifiserer kva du skal gjere medan du er på utveksling og at desse aktivitetane vert fullt ut godkjend som ein del av din utdanningsplan ved HVL

Kva kan du studere?

Sjukepleie, bachelorstudium, Førde

Du kan dra på utveksling til UCN og ta praksis i praksisperioda i vårsemesteret i 2. studieår.