Hopp til innhald

Van Hall Larenstein University of Applied Sciences (VHL)

Van Hall Larenstein University of Applied Sciences er ei høgskule som legg vekt på miljø og berekraft i studiane sine. Høgskulen har to studiestadar: Leeuwarden og Velp.

Leeuwarden er provinshovudstad i Friesland og det er funne restar etter busetting frå det andre århundre etter vår tidsrekning. Friesland si økonomiske storby ligg i grøne og vassrike omgivelsar og har 122,000 innbyggjarar. Det er fleire kulturhendingar i løpet av året og gode transportforbindelsar.

Velp ligg rett ved Arnhem, provinshovudstaden i Gelderland. Lik Leeuwaarden er det mykje grøntareale kring Velp, inkludert Nederlands største skog, elver og ein innsjø. Klimaet er mildt gjennom heile året.

Gjeld for

Studieprogram ved Institutt for miljø- og naturvitskap

Erasmus+

Dette er ein Erasmus+ avtale. Som Erasmusstudent deltar du i verdas største utvekslingsprogram og kan studere på gode europeiske universitet utan å betale skulepengar. Gjennom Erasmus+ får du ekstra stipend som gir deg meir pengar til å nyte opphaldet. <a href="//www.hvl.no/student/utveksling/reis-med-erasmus/">Les meir om korleis du kan reise på Erasmus+ utveksling.</a>

Språk

Krav om B2 eller betre i engelsk.

Studieavgift

Du betaler ikkje skulepengar ved denne institusjonen, og får Erasmus+ stipend i tillegg til støtte frå Lånekassen.

Frå Lånekassen vil du få same støtte som når du studerer i Norge, i tillegg til reisestøtte. Du må betale semesteravgift til HVL for å få lån og stipend frå Lånekassen i utvekslingsperioden.

Faglig godkjenning

For å søke om utveksling må du ha fått søknaden din godkjend av studieprogrammet ved det fakultetet du høyrer til. Ein godkjend søknad inneber mellom anna at du har fått ei fagleg førehandsgodkjenning av kurs eller praksis du skal ta i utlandet. Den faglege førehandsgodkjenninga spesifiserar kva du skal gjere medan du er på utveksling og at disse aktivitetane blir godkjend som del av utdanningsplanen din ved HVL. Instituttleiar eller internasjonal koordinator på avdelinga di kan rettleie deg med omsyn til val av emne.