Hopp til innhald

Ingolstadt University of Applied Sciences (THI)

Ingolstadt University of Applied Sciences er ein teknisk høgskule som ligg i området Bavaria. Med ein studentmasse på ca. 5400 studentar er den ein middels stor høgskule med det meste av fasilitetane samla på campus ved elva Donau. Byen er ein av dei yngste og grønaste bya i Bavaria, men er kanskje mest kjend for å være heimstaden til bilmerket Audi. I Tyskland har dei vanlegvis vintersemester mellom september/oktober og mars/april, og sommarsemester frå mars/april til slutten av juli.

Gjeld for

Bachelor i økonomi og administrasjon, elektrofag

Erasmus+

Dette er ein Erasmus+ avtale. Som Erasmusstudent deltar du i verdas største utvekslingsprogram og kan studere på gode europeiske universitet utan å betale skulepengar. Gjennom Erasmus+ får du ekstra stipend som gir deg meir pengar til å nyte opphaldet. <a href="//www.hvl.no/student/utveksling/reis-med-erasmus/">Les meir om korleis du kan reise på Erasmus+ utveksling.</a>

Språk

Undervisninga foregår på engelsk og det er krav om B1 i engelsk.

Alle som reiser på Erasmus+ utveksling må ta en gratis språktest på nettet før dei reiser, og får tilgang til eit språkkurs gjennom denne tenesta. Avdeling for Forskning, Internasjonalisering og Innovasjon (AFII) informerer deg før testen.

Kan du dokumentere at delar av studiet vert undervist på tysk, kan du få stønad frå Lånekassen til eit 4 ukers språkkurs som tas i Tyskland i forkant av semesteret.

Studieavgift

Du betaler ikkje skulepengar ved denne institusjonen, og får Erasmus+ stipend i tillegg til støtte frå Lånekassen. Frå Lånekassen vil du få same støtte som når du studerer i Norge, i tillegg til reisestøtte. Du må betale semesteravgift til HVL for å få lån og stipend frå Lånekassen i utvekslingsperioden.

Faglig godkjenning

For å kunne søkje om utveksling må du ha fått søknaden din godkjend av studieprogrammet ditt ved fakultetet du tilhøyrar. Ein godkjend søknad inneber blant anna at du har fått ein fagleg førehandsgodkjenning av kurs eller praksis som du skal ta i utlandet. Den faglege førehandsgodkjenninga spesifiserer kva du skal gjere mens du er på utveksling og at desse aktivitetane vert fullt ut godkjend som ein del av din utdanningsplan ved HVL.

Kva kan du studere?

Bachelor i økonomi og administrasjon, Haugesund

Hvis du studerer økonomi og administrasjon kan du reise på utveksling til Ingolstadt i 4. eller 5. semester. Hvilket semester som gjelder for deg vil avhenge av hvilken campus du studerer på.Ta kontakt med faglig kontaktperson for mer informasjon.