Hopp til innhald

Linnæus University

Linnæus University er ein av Sverige sine nyaste utdanningsinstitusjonar. Universitetet ligg i Kalmar og Växjö og har rundt 31 000 studentar. Haustsemesteret varer frå midten/slutten av august til desember/januar, mens vårsemesteret varer frå midten av januar til midten av juni.

Erasmus+

Dette er ein Erasmus+ avtale. Som Erasmusstudent deltar du i verdas største utvekslingsprogram og kan studere på gode europeiske universitet utan å betale skulepengar. Gjennom Erasmus+ får du ekstra stipend som gir deg meir pengar til å nyte opphaldet. <a href="//www.hvl.no/student/utveksling/reis-med-erasmus/">Les meir om korleis du kan reise på Erasmus+ utveksling.</a>

Språk

Krav om B2 eller betre i engelsk.

Studieavgift

Du betaler ikkje skulepengar ved denne institusjonen, og får Erasmus+ stipend i tillegg til støtte frå Lånekassen.

Frå Lånekassen vil du få same støtte som når du studerer i Norge, i tillegg til reisestøtte. Du må betale semesteravgift til HVL for å få lån og stipend frå Lånekassen i utvekslingsperioden.

Faglig godkjenning

For å kunne søke om utveksling må du ha fått søknaden din godkjend av studieprogrammet ditt ved det fakultetet du tilhøyrer. Ein godkjend søknad inneber blant anna at du har fått ein fagleg førehandsgodkjenning av kurs eller praksis som du skal ta i utlandet. Den faglege førehandsgodkjenninga spesifiserer kva du skal gjere medan du er på utveksling og at desse aktivitetane vert fullt ut godkjend som ein del av din utdanningsplan ved HVL

Kva kan du studere?

Bachelor i barnevern

Studenter fra Barnevern kan dra på utveksling til Linnæus i utvekslingsperioden i løpet av graden.

Bachelor i sosialt arbeid

Du kan ta praksis ved Linnæus universitet i semesteret som er satt av til utenlandsstudier ved utdanningen din.

Bachelor i vernepleie

Du kan ta praksis ved Linnæus universitet i semesteret som er satt av til utenlandsstudier ved utdanningen din.

Grunnskolelærarutdanning 1.-7. trinn

Studenter på grunnskolelærerutdanningene kan reise på utveksling til LU. LU kan tilby fordypninger innen de ulike valgfag som spesialpedagogikk.

glu5-10

Studenter på grunnskolelærerutdanningene kan reise på utveksling til LU. LU kan tilby fordypninger innen de ulike valgfag som spesialpedagogikk.

Bachelor i idrett, trening og helse

Du kan reise på utveksling til LU i 5. semester.

Friluftsliv, bachelorstudium, Sogndal

Du kan reise på utveksling til LU i 5. semester.