Hopp til innhald

Trier University of Applied Sciences

2700 studentar og tilsette er tilknytta Campus Birkenfeld, der studiar og forsking legg vekt på berekraft og framtidig teknologi. I Tyskland har dei vanlegvis vintersemester mellom september/oktober og mars/april, og sommarsemester frå mars/april til slutten av juli.

Trier er ein by med om lag 100 000 innbyggjarar. Byen ligg ved breidda av elva Mosel og er ein av dei eldste byane i Tyskland, grunnlagd i eller før 16 fvt. Byen har eit aktivt studentliv og ligg nær både Frankrike, Belgia og Luxembourg. Det er mange romerske bygninger, ruinar av romerske bad, bakkar kledde med skog og vinranker i byen.

Gjeld for

Studiestad Sogndal

Erasmus+

Dette er ein Erasmus+ avtale. Som Erasmusstudent deltar du i verdas største utvekslingsprogram og kan studere på gode europeiske universitet utan å betale skulepengar. Gjennom Erasmus+ får du ekstra stipend som gir deg meir pengar til å nyte opphaldet. <a href="//www.hvl.no/student/utveksling/reis-med-erasmus/">Les meir om korleis du kan reise på Erasmus+ utveksling.</a>

Språk

Krav om B2 eller betre i engelsk. Det er ein fordel å kunne tysk. Alle som reiser på Erasmus+ utveksling må ta språktest på nett før dei reiser. Internasjonalt kontor informerar meir om dette.

Studieavgift

Du betaler ikkje skulepengar ved denne institusjonen, og får Erasmus+ stipend i tillegg til støtte frå Lånekassen.

Frå Lånekassen vil du få same støtte som når du studerer i Norge, i tillegg til reisestøtte. Du må betale semesteravgift til HVL for å få lån og stipend frå Lånekassen i utvekslingsperioden.

Faglig godkjenning

Før du reiser må du få søknaden din godkjend av studieprogrammet ved det fakultetet du høyrer til. Ein godkjend søknad innebærer mellom anna at du har fått ei faglig førehandsgodkjenning av kurs eller praksis du skal ta i utlandet. Den faglige førehandsgodkjenninga spesifiserer kva du skal gjere når du er på utveksling og er ein garanti for at det du studerer i utlandet vil kunne gå inn i graden din ved HVL. Instituttleiar eller internasjonal koordinator på avdelinga di kan rettleie deg med omsyn til val av emne.