Hopp til innhald

Hamm-Lippstadt University of Applied Sciences

Hamm-Lippstadt University of Applied Sciences ligg i delstaten Nordrhein-Westfalen i Tyskland og blei skipa i 2009. Med om lag 5800 studentar og to campusar, ein i Hamm og ein i Lippstadt, har høgskulen eit bredt spekter av ingeniørfag. I motsetning til den tradisjonelle oppdelingen i fakulteter, er Hamm-Lippstadt delt inn i avdelingar. Dette skal legge til rette for tverrfagleg undervisning og forskning.

Gjeld for

Campus Bergen, Førde og Sogndal.

Erasmus+

Dette er ein Erasmus+ avtale. Som Erasmusstudent deltar du i verdas største utvekslingsprogram og kan studere på gode europeiske universitet utan å betale skulepengar. Gjennom Erasmus+ får du ekstra stipend som gir deg meir pengar til å nyte opphaldet. <a href="//www.hvl.no/student/utveksling/reis-med-erasmus/">Les meir om korleis du kan reise på Erasmus+ utveksling.</a>

Språk

Krav om B2 eller betre i engelsk. Alle som reiser på Erasmus+ utveksling må ta språktest på nettet før de reiser. Internasjonalt kontor informerer deg mer i forkant av testen.

Studieavgift

Du betaler ikkje skulepengar ved denne institusjonen, og får Erasmus+ stipend i tillegg til støtte frå Lånekassen.

Frå Lånekassen vil du få same støtte som når du studerer i Norge, i tillegg til reisestøtte. Du må betale semesteravgift til HVL for å få lån og stipend frå Lånekassen i utvekslingsperioden.

Faglig godkjenning

For å kunne søkje om utveksling må du ha fått søknaden din godkjend av studieprogrammet ditt ved fakultetet du tilhøyrar. Ein godkjend søknad inneber blant anna at du har fått ein fagleg førehandsgodkjenning av kurs eller praksis som du skal ta i utlandet. Den faglege førehandsgodkjenninga spesifiserer kva du skal gjere mens du er på utveksling og at desse aktivitetane vert fullt ut godkjend som ein del av din utdanningsplan ved HVL.