Saxion Universities of Applied Sciences

Saxion University of Applied Sciences har cirka 26 000 studentar fordelt på tre campusar aust i Nederland. Rundt 3500 av studentane er internasjonale studentar, med over 70 forskjellige nasjonalitetar.

Vårsemesteret i Nederland varer frå januar/februar til juni/juli. Haustsemesteret startar vanlegvis i slutten av august eller byrjinga av september.

Gjeld for

Campus Sogndal.

Språk

Krav om B2 eller betre i engelsk.

Studieavgift

Som Erasmus+ -student betalar du ikkje studieavgift til den utanlandske institusjonen, tvert imot får du eit Erasmus+-stipend på toppen av støtta frå Lånekassen.

Frå Lånekassen vil du få same støtte som når du studerer i Norge, i tillegg til noko reisestøtte. Du må betale semesteravgift til HVL for å få lån og stipend frå Lånekassen i utvekslingsperioden.

Faglig godkjenning

Før du søkjer må du fylle ut og levere ei fagleg førehandsgodkjenning som skal godkjennast av instituttleiar. Dette er ein garanti for at det du studerer i utlandet vil kunne gå inn i graden din ved HVL. Instituttleiar eller internasjonal koordinator på avdelinga di kan rettleie deg med omsyn til val av emne.