Sjukepleiarutdanning og jobb i fin foreining

Abdu drøymer om å jobbe i akuttmottak eller innan psykiatri. Ved å ta sjukepleiarutdanning på deltid, kan han kombinere familieliv og jobb med utdanning. Det passar han midt i blinken.

Eg hadde ein indre motivasjon til å vise takksemd og gi litt tilbake til samfunnet som gav meg tryggleik.

Abdu Omer

Namn: Abdu Omer
Kjem frå: Eritrea, bur og jobbar i Kvinnherad
Studerer: Sjukepleie deltid
Campus: Bergen

Abdu er glad i å jobbe med menneske, og hjelpe dei som treng det. Men også noko anna gjorde at han ønska å ta sjukepleiarutdanning:

- Eg hadde ein indre motivasjon til å vise takksemd og gi litt tilbake til samfunnet som gav meg tryggleik. For meg var sjukepleie ein naturleg veg å gå for å ta vare på dei fantastiske folka som bygde dette landet, seier Abdu.

Same pensum og praksis som fulltidsstudiet

Han var usikker på om fulltidsstudium i sjukepleie let seg kombinere med familieliv. Så blei han tipsa av sjefen sin om sjukepleiarutdanning på deltid. 

- Eg søkte studieplass ved Høgskulen på Vestlandet med éin gong. Og det har eg ikkje angra på, seier Abdu.

Deltidsstudiet gir same kompetanse som fulltidsstudiet i sjukepleie, men ein bruker fire år på å ta bachelor. 

- Kva lærer ein i studiet?

- Me lærer om anatomi, mikrobiologi, farmakologi, etikk, kommunikasjon og psykologi. I tillegg lærer me korleis ein kan gi god og omsorgsfull pleie til menneske med ulike sjukdommar og lidingar, samt korleis ein kan rettleie og undervise pasientar og pårørande.

Abdu ser på skjerm i simuleringsarena.

Kontakt med pasientar med ulik bakgrunn

Kva synst du er det beste med å studere sjukepleie?

- Sjukepleiarstudiet er eit veldig sosialt studium, men eg synst det kjekkaste med utdanninga er kontakten ein får med pasientar med ulik etnisk, religiøs og kulturell bakgrunn. Ein blir også kjend med mange gode kollegaer.

Abdu påpeiker også at sjukepleiarutdanninga opnar dørar til mange moglegheiter for både jobb og vidareutdanning.

- Kva synst du er det mest krevjande ved studiet?

- Praksisperiodane kan vere krevjande viss ein ikkje førebur seg godt, viser interesse, er engasjert og les om relevante sjukdommar og tilstandar, samt set seg inn i prosedyrane til praksisplassen. Det hjelper ikkje å vere glad i menneske om ein ikkje er god til å kommunisere og manglar refleksjonsevne.

Synst HVL legg godt til rette

No er Abdu på oppløpssida, og snart ferdig med bachelor i sjukepleie.

- Takka vere sjukepleiarutdanning på deltid har eg hatt moglegheit til å jobbe og ha ei inntekt under utdanninga.

Abdu trekk også fram at han har fått ein kombinasjon av teori og praksis på arbeidsplassen sin medan han har studert, og ikkje trengt å vente på praksisperiodane.

Han synst HVL og lærarane har vore gode til å legge til rette for studentane for å unngå utsetting av studiet.

- Eg vil absolutt anbefale dette studiet til andre.