Kunnskap som næringslivet treng
Vanessa (34) har aldri angra på at ho valde å studere elkraft i Førde. I dag jobbar ho som systemingeniør i Linja AS på Sandane.
Navn: Vanessa Eide
Campus: Førde
Utdanning: Bachelor i elkraft
– Som student på elkraft har eg opplevd mykje kjekt, både sosialt og i studiesamanheng. Lærerike forelesningar og arbeidsoppgåver har gitt meg kunnskap som næringslivet har behov for og er på jakt etter.
Kom til Norge som au pair
Vanessa kom til Norge frå Lima i Peru for å jobbe som au pair i Førde. Ho likte seg så godt i Førde at ho ikkje ville reise heim då jobben var ferdig etter to år. Etter å ha tatt vidaregåande skule, søkte ho seg inn på bachelorutdanninga i elkraft, på det som då var Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Kvifor valde du å studere elkraft?
– Kraftbransjen er i stor endring med fornybar kraft, elektrifisering av transportsektoren og meir kraftutveksling med nabolanda våre. Å gå inn i elkraftbransjen var ei spennande moglegheit for meg til å bli ein del av det grøne skiftet.
Inspirerande forelesningar
Vanessa hadde nettverket sitt og deltidsjobb i Førde, så valet av studiestad var derfor lett.
– Vi hadde mindre klassar enn på dei større studiestadane, noko som gjorde at ein fekk lettare kontakt og tettare oppfølging med lærarane. Forelesningane var kunnskapsrike og inspirerande, og dette hadde mykje å seie for både motivasjon og læringsutbyttet vårt. Mindre forhold gjorde at vi blei godt kjende i klassen, og det var eit godt studiemiljø på tvers av dei ulike utdanningane.
Kva var det kjekkaste med studiet?
– Det var veldig kjekt å kjenne igjen ting eg hadde lært i forelesningane i dei praktiske øvingane, og når eg kom på jobb ute i bedrift. Eg fekk då ei heilt anna tilnærming til faget.
Kva var det mest krevande?
– Eg såg aldri på studiet som krevande, men som positivt utfordrande. Eg måtte jobbe mykje med faga, men opplevde det som veldig spennande og kjekt.
Nyttig å sjå teori i praksis
Vanessa hadde sommarjobb i kraftbransjen medan ho studerte.
– Det var veldig fint å få sjå teori nytta i praksis, og samtidig få jobberfaring hos lokale og potensielle framtidige arbeidsgivarar.
Etter fullført utdanning på campus Førde, begynte ho på master i energi ved campus Bergen. Samtidig som ho skreiv masteroppgåva si vart ho tilsett som trainee i Sogn og Fjordane energi (SFE).
– Eg hadde ikkje jobba med digitalisering og IKT-utvikling før eg begynte som trainee, men med utdanning innan realfag og teknologi kan ein jobbe med nesten kva som helst, avhengig av interesse og kva for fag ein vel undervegs. Med relevant utdanning og bakgrunn innan kraftbransjen, gav SFE meg moglegheit til å vere med å bidra til den digitaliserte utviklinga i selskapet.
Godt arbeidsmiljø
Då traineeperioden var over begynte ho som systemutviklar i same selskap. Hausten 2020 landa ho stillinga som systemingeniør i Linja AS (tidlegare SFE Nett).
– Jobben min går ut på å drifte, vedlikehalde og vidareutvikle SFE sitt databaserte driftskontrollanlegg, deriblant prosjektere og innlemme nyanlegg.
Vanessa skryt av arbeidsmiljøet og seier kollegaene er støttande.
-På arbeidsplassen er det ein god tilbakemeldingskultur, noko som gjer at ein kjenner seg sett og verdsett.
Treng fleire kvinner
Vanessa oppmodar alle som vil vere med på det grøne skiftet til å ta ei utdanning innan elkraft. Ho meiner også at kraftbransjen treng fleire kvinner.
– Det er viktig for meg å vise unge, nyutdanna jenter at det finst gode moglegheiter i denne bransjen. Her på driftssentralen er eg den einaste kvinna, og det er på høg tid å få gjort noko med det!
Høyrest dette ut som noko for deg? HVL har bachelor i elkraftteknikk i Bergen og Førde.