Eit studium tilpassa arbeidslivet

Erik Simonsen (26) jobbar til dagleg som førstemaskinist for Viking Ocean Cruises, samtidig med at han tar ein bachelor i Maritime Management.

Han er ein av dei som ønska å vidareutdanne seg etter maritim fagskule, og den beste moglegheita for dette var ved å ta ein bachelor innan maritime management.

– Eg valde Maritime Management både av interesse for faget, men også for å ha noko å støtte meg på med tanke på framtidig karriere. Det var også viktig for meg å kunne fortsette i den noverande jobben min på havet, samstundes som eg studerer. Studiet er tilpassa oss som jobbar turnus. 

Tilpassa næringsliv og framtida

Maritime Management er eit samarbeidsprosjekt mellom Universitetet i Sørøst-Norge, NTNU, UiT Norges Arktiske Universitet og Høgskulen på Vestlandet. Innhaldet i studiet vart til på grunnlag av innspel frå den maritime næringa.

– Det eg synest er bra med dette studiet er at det meste av undervisninga foregår på nett, med nokre fysiske samlingar kvart semester. Dette er ei god løysning då dei fleste er i full jobb og arbeider turnus. Undervisingsopplegget blir lagt ut på læringsplattformen Canvas, slik at ein kan hente seg inn når ein kjem heim frå havet.

Korleis er studiet bygd opp?

– Me tar eitt fag på 15 studiepoeng kvart semester. Der tar me for oss maritime tema som eksempelvis maritim logistikk og økonomi, maritim IT, risiko og kvalitetsleiing. I tillegg har me fag som akademisk skriving, som gjer at me som kjem frå teknisk fagskule får god rettleiing i korleis ein skriv akademiske tekstar.

Skreddarsydd for dei som er i jobb

– Den største fordelen med dette studiet er at ein kan ta eit steg vidare frå fagskulen, utan å måtte bli heiltidsstudent. Ein blir også kjent med andre med same bakgrunn frå sjøen.  

Kva er det mest krevjande med studiet?

– Det er å balansere mellom jobb, fritid og skule. Mange av oss på studiet jobbar over halve året ute på havet, og har eit ønskje om å vere mest mogleg med familie og venner når me kjem heim. Det kan nokre gonger vere litt krevjande å finne tid til det. Men det er heldigvis moglegheit for å studere litt når ein er på jobb også, slik at det ikkje berre går utover fritida heime. 

Opnar seg fleire moglegheiter

Erik har et ønskje om å fortsette livet på havet, og forhåpentlegvis på cruiseskipet han jobbar på i dag.

– Med dette studiet kan det vere at det opnar seg fleire moglegheiter, også for vidare jobb på land. Men det tar eg når den tid kjem. Inntil vidare er det på sjøen eg trivst best. 

Vil du anbefale studiet til andre?

– Eg kan anbefale dette til alle maskinistar og navigatørar frå teknisk fagskule, som ønskjer å ta eit steg vidare i utdanninga. Det er relevant for både dei som kjem rett frå skulebenken, og dei med lang karriere på havet.

Høyres dette studiet ut som noko for deg? Les meir på studiesida.