Karianne (24) vil bidra til å gi barn ein god start på livet

– Eg vil absolutt anbefale utdanninga til deg som er interessert i å jobbe med barn, og som ønskjer å lære meir om deg sjølv som person.

Interessa for barnehagelærarutdanninga kom etter at Karianne Kvam Gurvin hadde jobba som vikar i barnehage i over eit år.

– Eg treivst godt med både barn, ansvarsoppgåver og kvardagen i barnehagen, fortel ho.

Mange arrangement og eit hav av turmoglegheiter

24-åringen kjem opphaveleg frå Sogndal, men då ho skulle studere, fall valet på Bergen.

Eg hadde eit behov for å komme meg litt vekk frå heimstaden og Bergen er ein by eg hadde god kjennskap til frå før. I tillegg kjenner eg mange som studerer i Bergen og som har skrytt mykje over studentmiljøet der.

– Kva er det beste med å bu i Bergen?

– Det er nok alle moglegheitene ein har til å delta på arrangement av ulike slag, enten det er i regi av skulen, vennegjengen, fotballaget eller på eige initiativ. Det er eit hav av turmoglegheiter og alternativ for både mindre og lengre turar, samt eit treningstilbod som eg interesserer meg for. I tillegg er det kort veg heim til Sogndal og mor og far, noko som ikkje er heilt feil.

Ein god grunnmur for barn i barnehagen

Sogndølen opplever barnehagelærarutdanninga som ei veldig givande utdanning som munnar ut eit veldig flott yrke.

– Det er veldig fint å kunne bidra til å gi barn ein god og meiningsfull start på livet, og i tillegg skape ein god grunnmur på vegen vidare i barna si utvikling. Eg ser på dette som ein svært meiningsfull jobb, der eg kan bidra til å gi barna kunnskap, erfaringar og opplevingar i deira barndom.

Utfordrande og lærerikt med praksis

Praksis ein viktig del av barnehagelærarutdaninga. Til saman har Karianne og medstudentane 100 dagar praksis.  

– Eg har berre positive erfaringar med praksis! Praksisperiodane er utfordrande og kan for nokon opplevast som den største byrden i studieløpet. Dette trur eg endrar seg fort etter første praksisperiode, då ein får kjenne på korleis det er i praksis, senka skuldrane og fjerna tankane om kor skummelt det er.

Karianne oppmodar andre studentar til å utfordre seg sjølv og ha klare mål for kva ein ønskjer å oppnå i kvar enkelt praksisperiode.

– Med ei positiv innstilling og godt arbeid vil ein gå styrka ut av barnehagen kvar einaste dag. Hugs at om du gjer ditt beste, kan ingen be om noko meir!

Variert og aktiv kvardag

– Vil du anbefale barnehagelærarutdanninga til andre?

– Eg vil absolutt anbefale utdanninga til deg som er interessert i å jobbe med barn, og som ønskjer å lære meir om deg sjølv som person både i arbeid aleine, men også i samhandling og samarbeid med andre. I tillegg vil eg anbefale utdanninga til deg som ønskjer ein variert og aktiv kvardag, som tek utfordringar på strak arm og som har eit ønskje om å vera ein god leiar!

Høyrest dette ut som noko for deg? Du kan studere barnehagelærarutdanninga i Sogndal, Bergen og på Stord. HVL har også deltidsutdanning og arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning, samt master i barnehagekunnskap.