Barnehagelærar er verdas beste yrke!

Studentane Lars Kristian, Dyveke, Fredrik og Marion synes dei har valt verdas beste yrke. – Som barnehagelærarar kan vi kombinere eigne interesser i arbeidet med å utvikle barn og bety ein forskjell for dei kvar dag, seier dei.

Så mykje kjekt ein kan drive med!

– Det er mykje negativt i media om det å jobbe i barnehage, med fokus på stort sjukefråvær, låg lønn og slitasje på dei tilsette, seier Lars Kristian.

Men fy søren kor mykje kjekt du kan drive med i barnehage innanfor dine interesser!

Lars Kristian Garnes

Lars Kristian fortel om ein dag i barnehagen i ein av praksisperiodane hans. Sola skein, ungane leika og dei tilsette var med. Han sat på ein benk og såg på det heile og tenkte: – Eg kan tole mykje regn og sludd, berre eg får slike dagar som dette.

– Ja, me er heldige, seier Marion.

Var usikker på utdanningsvalet

Dyveke Kaurin Ulseth kjem frå Jondal i Hardanger. Ho hadde ingen plan etter vidaregåande, men så vart det ledig ein jobb som assistent i barnehagen.

– Eg hadde veldig kjekke kollegaer som inkluderte meg i fellesskapet. Eg fekk vere med på avdelingsmøte, personalmøte og foreldremøte tidleg. Dei løfta meg opp og fram, og var avgjerande for at eg valgte barnehagelærarutdanninga, fortel Dyveke.

Barnehage er mi greie!

Fredrik Overaa Eide kjem frå Askøy utanfor Bergen, og kom til Sogndal fordi sambuaren skulle studere der.

– Eg var litt usikker på utdanninga, men eg har alltid likt å jobbe med menneske, og så hadde eg ikkje god nok mattekarakter til å komme inn på lærarutdanninga.

Det gjer ingenting i ettertid at det ikkje vart lærarutdanning, for Eide er tydeleg på at han har valt riktig yrke.

Smilende student står foran en trevegg.

I den første praksisperioden fekk han prøve seg både i førsteklasse og i barnehage. Han var sju veker på ei avdeling for store barn, og likte godt den ein-til-ein-kontakten han fekk med ungane.

– Tenk å få bidra i deira utdanning og liv! Barnehage er mi greie. Eg var lei meg kvar gong ein praksisperiode var over og eg skulle forlate ungane, seier Fredrik.

Mykje glede i arbeidskvardagen

Lars Kristian Garnes kjem frå Garnes utanfor Bergen. Han skulle eigentleg bli politi, men fekk prøve seg i barnehage på familiens gard, der dei driv privat barnehage. Her blei han verande eit heilt år.

– Eg treivst så godt i den jobben at eg søkte meg inn på barnehagelærarstudiet. Det gav meg så mykje å jobbe med menneske og sjå utviklinga og gleda. Ikkje minst gleda hos personalet.

Student poserer foran en trevegg, og ser svært fornøyd ut.

Lars Kristian har tenkt på å fortsette på ein master, kanskje innan spesialpedagogikk. Han skriv bacheloroppgåve med tematikken natur og friluftsliv, men har også fokus på spesialpedagogikk med utagerande åtferd hos femåringen.

Med kjærleik for friluftsliv

Marion Nystuen Sveen kjem frå Heidal, og har allereie ein jobb som står klar til ho når ho fullfører utdanninga til våren, i ein gardsbarnehage på Vågå

– Eg starta på utdanninga i Trondheim og tok to år der, men så ville eg til ein mindre plass. Då passa Sogndal perfekt, spesielt med tanke på interessa mi for friluftsliv.

Gjennom utdanninga kan ein velje ulike fordjupningsemne. Marion har valt friluftsliv som fordjuping.

Student står foran en trevegg og smiler til kameraet.

– Det er viktig for meg å vere til stades på jobb for barnet sitt beste. Barnehagen må aldri bli ein oppbevaringsplass, seier Marion.

Eg er glad for yrket eg har valt, og set pris på å kunne gjere ein forskjell for ungane.

Marion Nystuen Sveen

Føler seg godt rusta

Gjennom studiet har ein hundre dagar i praksis fordelt på tre år. Dei fire studentane meiner dette har vore med på å gjere dei godt rusta til å gå ut i arbeidskvardagen. Praksisen er for det meste i barnehage, men også i førsteklasse på skulen. 

Studentane har fått kjenne på forskjellen på skule og barnehage, og dei synes det er ein stor overgang for barna å gå over til første klasse. Denne prosessen skal dei no vere med og hjelpe til med, noko dei alle ser fram til.

Fire fornøyde studenter sitter rundt et kafebord ute i sola, og smiler til kameraet.

Artikkelen vart først publisert på porten.no. Alle foto: Kristin Vee

Les meir om barnehagelærarutdanninga