Jobjørn spelar volleyball på elitenivå i Førde
Men får samtidig tid til å studere informasjonsteknologi på HVL

Kombinerer volleyball med programmering

Namn: Jobjørn Røkenes Myren
Kjem frå: Ikjefjord på sørsida av Høyanger kommune
Utdanning: Bachelor i informasjonsteknologi
Campus: Førde

– Eg valde å studere i Førde, ettersom eg er aktiv volleyballspelar og ville gjere noko meinigsfullt ved sida av idretten. Det er fleire tidlegare spelarar som har studert her og eg har alltid høyrt positive ting om studiestaden, seier Jobjørn Røkenes Myren.

Jobjørn meiner Førde er ein flott by å bu i.

– Det er kort veg til det meste, noko som er viktig for meg og min kvardag. Det beste med Førde er den gode responsen ein får for å vere engasjert – både på høgskulen, men og i lokalsamfunnet gjennom sosiale arrangement, eller i idrettsklubbane. Eg spelar volleyball og får høve til å trene og spele på høgt nivå, samstundes som eg tek ei relevant utdanning.

I sommar hadde Jobjørn sommarjobb på robotlaben i Førde.

 

Lurt å jobbe jamt med pensum

– På studiet i informasjonsteknologi lærer vi grunnleggande konsept innan IT-utvikling og får ei robust forståing innan utvikling av programvare. Det inneber å lære å kople saman applikasjonar med databasar, og ta i bruk rammeverk for å gjere utviklingsprosessen raskare og sikrare. Vi får erfaring med mange ulike greiner innan IT-utvikling, fortel han.

Jobjørn har bokstaveleg tala mange ballar i lufta, og det kan av og til vere krevjande å få tida til å strekke til.

– Det er lurt å jobbe jamt med pensum. Ein blir belønna for å jobbe, ikkje berre til eksamen, men til framtidige fag. For min del var programmering noko som eg aldri hadde gjort før, og det tok tid å forstå tankegangen. No er eg halvvegs og er veldig tilfreds når eg samanliknar det eg kunne for eitt år sidan med det eg kan no.

Viktig å engasjere seg

I tillegg har Jobjørn også engasjert seg i studentdemokratiet, og jobbar 30 prosent i arbeidsutvalet i Studenttinget på Vestlandet.

– Eg engasjerte meg i studentpolitikken etter å ha bli dratt med av ein god ven. Så skjønte eg at her kunne eg vere med å påverke mi eiga studietid. Det å engasjere seg i ein av organisasjonane for studentar, er etter mi meining noko av det beste ein kan gjere for eigen og medstudentar sin trivsel, seier han.

- Akkurat no har eg lyst til å lære meg alt, men eg ser jo at det vil vere gunstig å spesialisere meg meir når eg skal ut i arbeidslivet.

 

I framtida ynskjer han å jobbe ein stad der IT-utvikling blir sett på som noko som bringer verdi til selskapet, heller enn at det blir sett på som ei utgift.

– Eg anbefaler informasjonsteknologi i Førde. Det er eit godt alternativ, der ein lærer det ein skal, frå dyktige og ikkje minst engasjerte forelesarar, avsluttar han.

 

Mann som bruker VR-briller.

Vil du planlegge, programmere og drifte datasystem eller utvikle nye digitale løysingar? Med ei IT-utdanning kan du vere med på å utvikle og digitalisere framtida!