Ettertrakta i arbeidslivet

– Eg har fått akkurat den jobben eg hadde tenkt meg på førehand og det var ikkje spesielt vanskeleg heller, seier Alexander som har tat bachelor i informasjonsteknologi.

  • Alexander Nordstrand (28)
  • Frå Hyllestad i Sogn
  • Har studert informasjonsteknologi ved campus Førde
  • Jobbar: I digitaliseringsdirektoratet (Digdir)

Alexander fekk jobb som utviklar i MinID-teamet i Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) på Leikanger etter han var ferdig med studia. No har han vore der i eitt år.

Får bruk for nesten alt han har lært

– Det beste med jobben min er at eg får brukt det eg har lært, at eg får lære meir om det eg ikkje allereie kan, og ikkje minst  det miljøet og kollegane eg har her. Det er veldig triveleg å jobbe her, seier Alexander.

Han fortel at han dagleg får bruk for kunnskapen frå studiet ved HVL.

– Eg brukar utdanninga mi på alle måtar: Når eg jobbar i produktteam, kodar, feilsøker, skriv testar, sjekkar loggar og så vidare. Mykje av det eg lærte i utdanninga har vore nyttig i jobben. Men matten har eg ikkje fått så mykje bruk for, ler han.  

For Alexander var teknologiutdanning eit naturleg val. Her er han på ferietur til New York i sommar.  

Betre oppfølging på ein liten plass

Alexander har alltid interessert seg for teknologi, så valet av studium var ikkje så vanskeleg. Å studere på ein liten plass passa han betre enn ein større by.

– Eg er ganske nøgd med å ha studert i Førde. Det blir litt tettare miljø når det ikkje er like mange i kullet, ein får god oppfølging og det er stor interesse for at du skal lukkast.   

Er det noko du skulle ønskje du visste før du begynte å jobbe?

– Eg skulle ønske at eg ikkje var så nervøs for å prestere! Det er ingen som forventar at du skal kunne alt frå dag ein når du er nytilsett, spesielt ikkje om du i tillegg er nyutdanna.

Alexander seier at det ikkje var vanskeleg å få seg jobb.  

– Det er ganske stor interesse for folk med denne kompetansen i arbeidslivet. Eg hadde fleire jobbtilbod og kunne velje, seier han.