Dennis studerte historie, men sleit med motivasjonen. Han tok seg eit pauseår for å jobbe i barnehage.

Då innsåg han at det var barnehagelærar han skulle bli!

Jobb i barnehage inspirerte studievalet

– Året eg jobba i barnehage var veldig givande for meg. Då eg skulle begynne å studere igjen, var valet enkelt, seier Dennis med eit smil om munnen.

Under pandemien begynte han på historiestudiet, men koronarestriksjonane bidrog til at han ikkje fekk så mykje ut av studenttilværet. Han bestemte seg for å ta ein pause frå studia og jobbe i staden.

Dennis var allerie onkel til fleire, og han treivst i den rolla. Kanskje å jobbe med barn kunne vore noko? Jobb i barnehage inspirerte han til å søke plass på barnehagelærarstudiet, og etter det har han har ikkje sett seg tilbake.

–Eg har kost meg heilt sidan eg starta på studiet, seier Dennis.

Han fortel om eit godt og samansveisa klassemiljø, der ein lett får nye vennar, og dyktige, engasjerande førelesarar.

– Lærarane er flinke til å sjå kvar person i klassen, seier Dennis.

Dei er med andre ord gode forbilde for vordande barnehagelærarar.

Spesielt eitt emne på studiet har gjort inntrykk på Dennis. Han er nemleg ein aktiv kar som liker å vera ute i det fri, og derfor trefte Natur Helse og Rørsle verkeleg blink for han.

– Det var det første emnet vi hadde. Vi var mykje ute og gjekk på tur, og vi lærte korleis ein kan lage fullverdige måltid når ein er på tur, seier han.

Den varierte studiekvardagen, med både teori, praksis og mange ulike aktivitetar, er ein av grunnane til at han vil anbefale barnehagelærarstudiet til andre.

Sjølv har han blant anna tatt emne som handlar om kunst, kultur og kreativitet i barnehagen, der han har vore med på å laga ymse kunstinstallasjonar.

Her lagar Dennis og gruppa hans ein animasjonsfilm.

Både figurane og bakgrunnen er laga for hand.

I denne installasjonen møtest kunst og natur i skjønn foreining.

Blada er arrangert på ein måte som viser årssyklusen.

–Vi har det kjempekjekt! Vi sit ikkje berre og les og skriv. Det er veldig mange aktive fag, fortel Dennis.

Han meiner at barnehagelærarane har eit stort ansvar. I tillegg til å lære oppveksande generasjonar om normer og reglar i samfunnet, skal dei fostre kreativitet og sjølvstendig tenking hos barna.

– Barnehagelærar er eitt av dei viktigaste yrka i samfunnet, seier Dennis.

– Vi har jo alle gått i barnehage på eitt eller anna tidspunkt!

 

Tekst: Vetle Nordgård Mikkelsen
Bilde: Vetle Nordgård Mikkelsen, Paul S. Amundsen og Dennis Stavik Nås

Les meir om studiet:

Student i praksis i barnehage.

Som barnehagelærer møter du nysgjerrige barn med mye på hjertet. Du får bidra til barns utvikling ved å gi kunnskap, erfaringer og opplevelser.