Bjørne (25) flytta frå Alta til Sogndal for nye eventyr
Der skal han bli lærar!
Det skal Steffen (22) òg. Naturfagslærar!

– Kom til Sogndal, det er heilt fantastisk!

Bjørne og Steffen vil jobbe med ungdom i framtida, og då var læraryrket eit naturleg val. I tillegg elskar dei friluftsliv, som passar perfekt å kombinere med studiet i Sogndal.

– Sogndal leverer den beste pakken med moglegheiter – både når det gjeld utdanning og hobbyar. Ein liten stad, der studentmiljøet er suverent og det er mykje som skjer. Det beste er å ha friluftsliv rett utanfor døra, og kunne gå rett frå forelesing til topptur med medstudentar som brenn for det samme, seier Bjørne Michaelsen.

25-åringen kjem frå Alta og har flytta heile vegen til Sogndal for å studere grunnskulelærar 5.-10.trinn.

Det var eit år på Nordfjord folkehøgskule som først fekk han til Vestlandet, etter anbefaling frå søstera. Då han skulle søke studium, stod valet mellom Tromsø og Sogndal, fordi han såg på begge stadane som gode for å dyrke hobbyane sine, som er ski og sykkel.

– Det blei Sogndal, då det ikkje er så nærme heime, seier han.

Spennande og krevjande

Bjørne valde å studere grunnskulelærar fordi det er eit sosialt yrke, som er variert og spennande. I tillegg liker han at det er lange feriar/avspasering.

– På studiet lærer vi alt frå korleis og kvifor barn lærer. Korleis lære vekk fag, psykisk helse og mykje meir, fortel han.

I praksisperiodane får dei verkeleg kjent på korleis det er å vere i yrket.

– Det er ein periode med prøving og feiling der "alt" er lov. Vi møter dyktige lærarar i ulike klasserom. Relasjonsbygginga blir reell, og teorien frå pensum får testa sin relevans. Det er spennande, krevjande, gøy og slitsamt. 

Jobbe med ungdom

Ein annan student som har tatt same valet som Bjørne, men ikkje reist like langt, er Steffen Heggen Starheim frå Nordfjord. Han byrja eigentleg på økonomi og administrasjon i Sogndal for to år sidan, men då han såg kva lærarutdanninga gjekk i, forstod han at han heller ville jobbe med folk, og helst ungdom.

– Eg hadde vore stipendiat på folkehøgskule året før, og det å sjå andre oppleve meistring var veldig givande. Derfor sjekka eg om det var mogleg å bytte studium, og det var det. Eg har ikkje sett meg tilbake ein einaste gong sidan, fortel Steffen.

Tett på friluftsliv var også noko av det som trakk Steffen til bygda.

Mogelegheita til å kaste seg rundt og ta ein tur i skitrekket, på topptur eller på det lokale klatrefeltet, før eller etter førelesing.

– Ein møter alltid likesinna folk, om det er på skulen eller i aktivitetar organisert av studentorganisasjonane.

Ein god lærar

Steffen har valt matematikk og naturfag som valfag så langt i studiet, og ser verdien av å få eit meir pedagogisk perspektiv på faga.

– Eg føler eg har eit betre utgangspunkt for å lage gode, utforskande undervisningsopplegg, og halde gode faglege samtalar i klasserommet. I praksisperiodane får ein prøve og feile. Å oppleve det å vere ein trygg vaksen for ungdom, er noko eg synes er veldig givande og viktig, seier Steffen.

– Kva er det kjekkaste med å studere grunnskulelærar?

– Det må vere dei flotte medstudentane mine. Sogndal er ein liten plass, og dei litt mindre klassene har ført til eit ope og trygt klassemiljø. Vi har det utruleg kjekt både i og utanfor undervisning. Eg vil også gi litt ekstra skryt til forelesarane på naturfag. Dei er ekstremt engasjerte og lagar undervisning ein ikkje vil gå glipp av! svarar studenten.

– Kva drøymer du om å jobbe med etter studiet?

– Eg siktar meg inn på å jobbe på ein ungdomskule, i ei eller anna bygd, med god tilgang på natur og friluftsliv. Dessutan synes eg det er supert med mindre skular, der ein får bygd sterkare relasjonar til både personale, foreldre og ikkje minst elevane - noko eg har fått erfare i praksis, seier Steffen.

Bjørne på si side drøymer om å jobbe med engasjerte elevar og kollegaer. 

– Eg håpar at eg får erfare å jobbe på ulike trinn og med elevar i ulike aldrar. Med eigen interesse for friluftsliv, jobbar eg gjerne ein periode på folkehøgskule, seier han.

Studentane vil anbefale lærarstudiet til dei som synes det høyrest givande ut å vere ein trygg og god vaksen i livet til ungdom, eller dei som har blitt inspirert av ein god lærar frå ungdomstida sjølv.

– Då burde du absolutt hive deg rundt og søke på studiet. Kom til Sogndal, det er heilt fantastisk! seier Steffen.