Katrine kombinerer familie- og gardsliv med lærarutdanning
Ho har jobba mange år som ufaglært i skulen. Med den samlings- og nettbaserte lærarutdanninga kan Katrine få lektortittelen sjølv om ho bur på ein gard i Suldal.
Namn: Katrine Tengesdal
Heimstad: Suldal
Campus: Stord
Studerer: Samlingsbasert grunnskulelærar for 1. - 7. trinn
Katrine hadde lenge ønskt å ta lærarutdanning, men med familie og deltidsjobb var det ikkje mogleg for ho å ta ei fulltidsutdanning. Då ho oppdaga at HVL tilbyr lærarutdanning som er nett- og samlingsbasert, kunne lærardraumen likevel bli oppfylt.
– At studiet er nett- og samlingsbasert gjer det mogleg å studere sjølv om du ikkje bur i nærheiten av studiestaden. Det lar seg også kombinere med familie, deltidsjobb, og i mitt tilfelle, gardsdrift. Utan moglegheita til nettbasert undervisning hadde eg aldri begynt å studere igjen.
Det er ei veldig fleksibel utdanning som kan fungere for folk i ulike livssituasjonar. Opplegget er bra, og du får god hjelp og oppfølging når du har behov for det.
Katrine
Den nett- og samlingsbaserte lærarutdanninga har tre fysiske samlingar per semester, der kvar samling går over tre dagar. Dei vekene det ikkje er samlingar er det nettundervisning.
Fantastisk med fleksibilitet
Katrine poengterer at ho aldri kunne tatt ei utdanning der ho måtte møte opp fysisk til undervisning kvar dag.
– Vi er mange som ikkje har moglegheit eller ønskje om å flytte vekk for å studere, og då er ei nett- og samlingsbasert utdanning som denne gull verdt. Og for dei som har valt å busette seg i utkantstrøk eller dei som ønskjer større fleksibilitet, er dette eit godt tilbod.
Var skeptisk til digital undervisning
– I begynnelsen var eg skeptisk til at delar av undervisninga er digital. Men det fungerer veldig bra! Det er annleis enn å vere i eit klasserom, men du blir fort vant til det. Forelesarane er gode til å dele oss inn i grupper, og har varierte undervisningsmetodar.
Katrine set pris på at dei har flinke og engasjerte faglærarar som er gode til å motivere. Ho blei også positivt overraska over kor godt klassemiljøet er.
– Klassemiljøet er kjempebra! Det er alltid kjekt å møte studievenner på dei fysiske samlingane. Vi er ikkje så mange, så vi blir veldig godt kjende med kvarandre. Når vi ikkje er på samling, kommuniserer vi mykje via Messenger.
Å bli ein god lærar
Katrine er opptatt av kvalitet i skulen, og ønskjer å bli ein god lærar. Ho drøymer om fast jobb på barneskule, der ho kan få jobbe med det ho likar best.
– Eg elskar kunst, handverk og musikk, og ønskjer derfor å arbeide med praktiske og estetiske fag i skulen.
Lærerik praksis
For å bli ein god lærar er det mange viktige element som må vere til stades. Det å få god og relevant praksis i utdanningsløpet er eit av desse.
– Praksis er veldig kjekt og lærerikt. Og eg som har barn kan, dersom det er mogleg, få tilrettelagt praksis nær heimstaden min i nokre av studieåra, slik at eg slepp å bu heimefrå i praksisperioden. Det gjer logistikken heime mykje enklare!
Katrine vil anbefale studiet til alle som har behov for fleksibilitet når dei skal utdanne seg til å bli lærar.
Høyres dette ut som noko for deg?
Les meir om studiet Grunnskulelærar 1.–7. trinn | nett- og samlingsbasert