– Eg gler meg til å følgje utviklinga til ungdommar både fagleg og sosialt

23 år gamle Malene Grov Almås frå Stord stortrivst med å studere grunnskulelærarutdanning 5-10 på sin eigen heimstad. Ho ser både for seg ei forskarkarriere og ein arbeidskvardag som lærar på ungdomstrinnet.

Malene har vakse opp på Stord og har alltid vore glad i heimstaden sin. Etter vidaregåande reiste ho eit år på folkehøgskule i Ulsteinvik, og deretter eit år på grunnskulelærarutdanninga for femte til tiande trinn ved Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen.

– Etter to år vekke frå Stord kjende eg at eg var klar for å bu her igjen og fortsette defor utdanninga mi her, fortel ho.

Quiz og grilling på Stord

– Kva synes du er det beste med å bu på Stord?

– Det må vere alle dei fine turmoglegheitene me har både i skogen, på fjellet og ved fine strender. I dei andre kommunane i distriktet vårt, er det òg mange flotte og spektakulære fjellturar som passar å ta på fine fridagar. Me har òg eit godt kultur- og idrettsmiljø.

23-åringen skildrar studentmiljøet på Stord som godt. Her blir det mellom anna arrangert quiz, volleyball-, og fotballtreningar, turar med grilling og andre kjekke sosiale hendingar.

– Du har valt grunnskulelærarutdanning 5-10. Kan du seie litt om kvifor?

– Eg synes at arbeidskvardagen som lærar verkar spennande og kjekk. Eg trur eg kjem til å få ein variert arbeidskvardag, og eg gler meg til å følgje utviklinga til ungdommar både fagleg og sosialt i oppveksten deira.

Spennande i praksis

I grunnskulelærarutdanningane er praksis ein stor og viktig del av studiet.

– Å vere i praksis er spennande, interessant og kjekt! Samtidig trur eg dei fleste av medstudentane mine er einige med meg i at kvardagen i praksisvekene er noko travlare enn den «vanlege» studiekvardagen. I praksis har eg opplevd å få god oppfølging både frå praksislærarane mine på dei ulike praksisskulane og frå lærarane mine ved HVL.

– Kan du seie litt om korleis undervisninga i studiet er lagt opp?

– Undervisninga er variert, noko som gjer det motiverande for meg som student å delta aktivt både skriftleg og munnleg. Nokre dagar arbeider me mykje i grupper, Andre dagar er meir prega av at ein forelesar går gjennom nytt stoff på ein meir «tradisjonell» måte der eg som student lyttar og tar notatar. Det er særleg kjekt at mykje av innhaldet i studiet er basert på oppdatert kunnskap eller ny forsking. Eg synes blant anna det er spennande å få innsikt i korleis ein kan tilrettelegge for læring og kva som kjenneteiknar god klasseleiing.

Ein av seks på forskarlinja

Malene er ein av seks studentar som har fått plass på HVL si nyoppretta forskarlinje. Ho vil derfor få ekstra opplæring i metode og vitskapsteori, ved sida av den ordinære utdanninga. I tillegg skal ho i eitt år etter fullført lærarutdanning utarbeide skisser til doktorgradsprosjekt, ta doktorgradskurs og jobbe med forskingsoppgåver.

Programmet gir eit ekstra stipend for dette året, og målet er at ho og dei andre forskarlinjestudentane skal kvalifisere for doktorgrad.

– Skuleforsking er spennande, og ved å gå på forskarlinja vil eg ha større moglegheit til å få bidra innanfor denne forskinga. Me har alle gått på skule og huskar kva som var ein god lærar, ein god dag og ei kjekk oppgåve. Forskarlinja vil gi meg moglegheit til å lære om korleis ein forskar på kva som eigentleg er ein god lærar eller ei god oppgåve. Dette synes eg verkar svært spennande!

Høyrest grunnskulelærarutdanninga 5-10 ut som noko for deg? Vi tilbyr studiet på Stord, Sogndal og i Bergen.