Inessa (22) studerer bachelor i sosialt arbeid ved campus Bergen

– Det er betryggande å velje eit sikkert yrke som det alltid vil vere behov for i samfunnet, seier Inessa Brunstad. I tillegg er ho superfornøgd med Bergen som studieby!

– Eg valde å studere sosialt arbeid fordi eg var veldig sikker på at eg hadde lyst til å jobbe med menneske, fortel Inessa.

Føler seg heime i Bergen

22-åringen har budd i Sirdal og Ålesund, men då ho skulle velje studieby, fall valet på Bergen.

– Eg hadde faktisk ikkje vore i Bergen før eg flytta hit, men eg hadde høyrt så mykje varmt om studentmiljøet her, seier ho.

Studenten bur midt i byen og trivst veldig godt med det.

– Eg flytta hit med heilt blanke ark, men det tok ikkje lang tid før eg blei godt kjend med byen og fekk eit nettverk. Eg føler meg rett og slett heime! 

Spennande og lærerikt ved Bergen uavhengige sosialrådgivning

Som student på bachelor i sosialt arbeid har Inessa jobba frivillig ved Bergen uavhengige sosialrådgivning (BUS). Dette var ei lærerik og spennande erfaring for ein framtidig sosionom.

– Som andreårsstudentar fekk vi tilbod om å jobbe i BUS. Her jobba vi med ekte klientsaker der vi hovudsakleg fungerte som rådgjevarar. Vi hadde erfarne rettleiarar i ryggen som sikra kvaliteten i tilbodet vårt, samtidig som vi lærte utruleg mykje. Dette anbefalar eg på det varmaste til alle som har moglegheit til det.

– Kan du fortelle litt om korleis undervisninga er lagt opp?
– Før koronapandemien slo til, hadde vi, som mange andre, fysisk undervisning. Vi blei delt inn i det som blir kalla basisgrupper med om lag åtte i kvar gruppe. I desse gruppene har vi løyst oppgåver, tatt del i ferdigheitstrening og feltarbeid. Det at vi er i faste grupper gjer at vi blir tryggare på kvarandre, noko som også aukar læringspotensialet. Akkurat no foregår mykje av undervisninga digitalt via Zoom, så no gler vi oss til å kunne sitte i klasseromma igjen.

Gode faglege diskusjonar

– Kva er det kjekkaste med å studere sosialt arbeid?
– Det gøyaste er å lære så myke som ein også kjenner igjen av i sin eigen kvardag. I tillegg blir det gitt mykje rom for gode faglege diskusjonar med klassen eller basisgruppa.

– Og kva er det mest krevjande?
– I kommunikasjonsverkstadame har vi ofte rollespel. Det kan vere krevjande å plutseleg vere «sosionom» i eit «klientmøte» eller «gruppemøte» og vite kva ein skal seie eller korleis ein skal oppføre seg overfor den ein snakkar med. Ein ting er å lære det i teorien, men det er noko heilt anna når ein plutselig står midt i det! Men eg er veldig glad for at vi får øve på kvarandre, og får lov til å kjenne litt korleis det er å vere sosionom, men også klient.

Psykiatri eller familieterapi

– Kva ønskjer du å jobbe med når du er ferdig med studiet?
– Eg er framleis litt usikker. Eg synest psykiatrien eller rusfeltet verkar veldig spennande! Samtidig snusar eg litt på familieterapi. Det blir spennande å sjå kor eg endar opp.

– Vil du anbefale studiet til andre?
– Absolutt! Sosionom er eit allsidig, nyttig og ikke minst interessant yrke. Denne utdanninga opnar mange dører.

Kunne du tenke deg å bli sosionom? Les meir på studiesida vår. Vi tilbyr bachelor i sosialt arbeid ved våre studiestader i Sogndal og Bergen. I tillegg har vi master i familieterapi og relasjonelt arbeid, master i psykisk helse- rusarbeid og master i  sosialvitskap som du kan bygge på bachelorutdanninga di med.