Gleder seg til å arbeide som barnehagelærarar
- Vetle Ruud Raknes (26) frå Osterøy
- Elise Dybvik Jensen (24) frå Karmøy
- Studerer barnehagelærar på campus Stord.
Vetle spesialiserer seg innanfor barn, natur og friluftsliv og håper på å få seg jobb i ein friluftsbarnehage etter studia.
Elise valde spesialisering innanfor kunstfagleg arbeid i barnehage. Denne fordjupinga legg vekt på bruk av estetiske opplevingar, erfaringar og refleksjonar i barnehagen.
Når Elise fullfører studia i år, går ho rett ut i fast jobb i heimkommunen Karmøy. Ho meiner kombinasjonen mellom teori og praksis vore gull verd.
– Du lærer veldig mykje på desse tre åra som er veldig nyttig når vi skal ut i arbeidslivet, seier ho.
– Praksislærarane ute i barnehagane er veldig positive til å få inn studentar, og dei meiner vi har mykje god kunnskap som vi tar med oss ut i felten, seier Vetle.
– Dei veit at lærarane her på HVL held seg oppdatert på den nyaste forskinga, legg han til.

Gjennom spesialiseringa i barn, natur og friluftsliv har Vetle fått vere med på alt frå trefellingskurs og slakt av dyr, til dyrking, hausting og sanking av ymse råvarer.

– Eg synest at det er like lærerikt som det barna gjer, fortel Vetle.
Gjennom slike aktivitetar får barna eit forhold til kor maten kjem frå, i tillegg til at dei får sjansen til å reflektere over sin eigen plass i naturen.
– Når du snakkar med ulike barnegrupper om desse tinga, får du ulike reaksjonar. Kva dei reagerer på og kva dei synest er interessant, det er veldig forskjellig, seier Vetle.
Han trur mange av dei gode opplevingane han har hatt i studiet, heng tett saman med studiestaden. Det er rett og slett noko spesielt med Stord.
Både han og Elise trekker fram dyktige, engasjerte lærarar og eit godt, samansveisa klassemiljø.
– Eg kom ned hit og kjente ingen her. No har eg mange vennar, og det er takk vere miljøet her, seier Vetle.

– Det verkar som at alle som jobbar her er interesserte i å bli kjende med studentane. Det er ein kultur her for å ta vare på oss og sørge for at vi føler oss vel, seier Elise.

– Eg veit kva reinhaldarane, kantinemedarbeidarane, bibliotekarane og vaktmeistrane heiter. Dei møter deg alltid med eit "god morgon" eller eit "hei".
Dei to er ikkje åleine om å trivast med studiet på Stord. I fjor var barnehagelærarstudentane på "sumarøyo" blant landets mest fornøgde.
Såpass fornøgd er Vetle at han vil bli verande på øya. I løpet av studietida har kjærasten, som er sjukepleiar, flytta etter han til Stord.
– Vi tenkte at dette er ein fin plass å etablere ein familie. Det er moglegheiter for å velje mellom ulike skular og barnehagar, og det er jobbmoglegheiter for oss begge her, seier Vetle.
Både Vetle og medstudent Elise er på tredjeåret av studiet, og dei skal snart levera kvar sitt sjølvstendige forskingsarbeid: bacheloroppgåva.

Elise og ein medstudent skriv om korleis pedagogisk leiar kan legge til rette for eit godt arbeidsmiljø i barnehagar.

Vetle og ein klassekamerat skriv om barnehagane sin didaktiske bruk av nærmiljøet. Korleis bruker barnehagane nærmiljøet i sitt daglege virke?
Begge to vurderer ein mastergrad i framtida, men først vil dei ut i arbeidslivet og få brukt det dei har lært på studiet.
– Eg kom inn i dette fullstendig utan erfaring med å jobba med barn eller i barnehage. All den kunnskapen har eg skaffa meg her, og det er dette eg vil jobbe med vidare, seier Vetle.
– Det er ein meiningsfull jobb. Ingen dagar er like, og du gjer ein forskjell, seier Elise.
Ho hugsar sjølv korleis det var å gå i barnehage og verdien av trygge vaksne. No er det hennar tur til å vera den gode vaksne som skaper tryggleik og trivsel for barna.
– Eg kunne ikkje tenkt meg å bli noko anna! smiler Elise.
Tekst: Vetle Nordgård Mikkelsen
Foto: Vetle Nordgård Mikkelsen og Falkeblikk