Maria drøymer om ein ute-revolusjon i norsk skule.
Sigurd ønsker å gi elevane sine gode naturopplevingar.

Brenn for meir uteundervisning i skulen

Namn: Maria Tykhelle Kayser
Alder: 39 år
Frå: Nordfjordeid, bur i Sandane
Yrke: Lærar i spansk, kroppsøving, engelsk og friluftsliv på ein ungdomsskule

Namn: Sigurd Austnes Longvastøl
Alder: 35 år
Frå: Molde
Yrke: Adjunkt med tillegg ved Julsundet skole

Til dagleg jobbar Maria og Sigurd som lærarar, men no er dei også deltidsstudentar på videreutdanninga Uteundervisning for utforskertrang ved HVL Bergen.

Sjølv om dei har ulik fagbakgrunn og jobberfaring, deler dei ein felles lidenskap for praktisk undervisning utandørs.

Stillesittande skuledagar

Maria er opprinneleg fysioterapeut, men underviser no i ei rekke fag på ungdomsskolenivå. For henne var motivasjonen for videreutdanninga klar.

– Eg brenn for meir praktisk undervisning og meir utetid i alle steg av grunnskulen. Det blir fort veldig mange stillesittande dagar for barna og ungdomane våre, seier ho.

Ho peikar på at stillesittande dagar og mangel på variasjon kan føre til at elevene kjedar seg og opplever lav motivasjon for skulearbeidet.

Sigurd, som jobbar som som faglærar i kroppsøving og idrettsfag, er einig.

– Uteundervisning er ein tematikk eg brenn for, og derfor syntest eg at denne vidareutdanninga verka midt i blinken, fortel han.

For begge var det viktig å få fagleg påfyll. Maria ønska å styrke teorien bak undervisningsmetodane sine, mens Sigurd såg vidareutdanninga som ein moglegheit for variasjon etter mange år som fulltidslærar.

– Det kjekkaste med utdanninga er at det er lagt opp til mykje utetid og praktisk retta arbeid. Det er nødvendig når vi skal tilbake til skulane våre og vere forkjemparar for meir uteundervisning, seier Maria.

– Eg har blitt tryggare på korleis eg kan praktisere uteundervisning på skulen eg jobbar på. Vi har lært om å jobbe med elevane si kritiske tenking og refleksjon, med mellom anna utforsking som verktøy, legg Sigurd til.

Kombinerer jobb og utdanning

Å vere både lærar og student kan vere utfordrande, men både Maria og Sigurd har fått god støtte frå arbeidsplassane sine. Begge har faste studiedagar kvar veke og får tilrettelagt arbeidsplanen slik at dei kan reise på samlingane.

– Eg er veldig takknemlig for det, for denne vidareutdanninga gir meg ny giv, både i eiga undervisning, men også i samarbeidet med kollegaer, seier Maria.

Sigurd fortel at samlingane er fullpakka med innhald, og at det kan bli hektisk dersom ein ikkje forbereder seg godt. Likevel synest han at han får mykje igjen.

– Det er stor variasjon i undervisninga, både med tanke på innhald og metode. Vi har vore på fleire ekskursjonar, og det er både sosialt og lærerikt. Eg har blitt godt kjent med mange på studiet, og vi får moglegheit til å dele erfaringar, seier han.

Tekst og bilder: Elin Espe Stensvand

 

To elevar i klasserommet

Ordningen «Kompetanse for kvalitet» er en strategi for å gi lærere i skolen videreutdanning. Vi har tilbud til deg som er lærer i offentlige og private skoler, både i grunnskolen, videregående opplæring og deg som underviser voksne i grunnopplæringen.

Kombiner jobb og studier og ta karrieren din et skritt videre. HVL tilbyr over 150 videreutdanninger og kurs - på deltid, samlingsbaserte og på nett.