Helse- og velferdstilbod i Bergen

Studentsamskipnaden tilbyr hybel, kantine, barnehage, treningsfasilitetar, studentkro, bokhandel og psykososial rådgjevingsteneste.

Psykisk helse

Studentsamskipnaden på Vestlandet (Saman) har dyktige psykologer som kan hjelpe deg. Tenesta er ein del av Studentenes psykiske helsetjeneste (SPH).

  • Lavterskeltilbod for studentar med psykiske plagar
  • Kan hjelpe med å auke funksjon og meistring gjennom deltaking
  • Du finn meir informasjon om tilbudet på nettsidene til Saman

På sammen.no finn du meir informasjon om karriere- og studiemestring, studentbarnehage, studentbustad, studenthelse, studentkafé og trening.

Eksamenskoden

Vi vil at du skal ha det bra som HVL-student, og at du skal lukkast med eksamen. Høgskulen og studentsamskipnaden har saman utvikla eit tiltak som skal hjelpe studentar med å mestre eksamen. Her kan du lese om #eksamenskoden.

Studentrådgiving

Hjå studentrådgivinga i Bergen kan du tinga rettleiingstime hos ein studierådgivar. Studentrådgivinga har òg drop-in-timar der du ikkje treng å bestille tid, man berre kan møte opp.

Studentprest

Studentprestane i Bergen er eit gratis velferdstilbod for alle studentar i Bergen, uavhengig av tru og livssyn. Studentprestane tilbyr samtalar (og rettleiing) til studenter.

Studentprestane er tilsett av Bjørgvin bispedøme (Den norske kyrkje) og har hatt fristasjon ved UiB sidan 1969 med kontor i Harald Hårfagresgate 1 (administrasjonsbyget til HF-fakultetet).

Studentprestane tilbyr gratis timar for samtale. Du avgjer tema for samtalen. Ta kontakt for å gjere en avtale. 

Når det hastar

Har du behov for akutte tenester tar du kontak med Bergen legevakt eller Livskrisehjelpen

Livskrisehjelpen er Bergen kommunes tilbod til menneske i akutte livskriser, og er bemanna av helsepersonell med vidareutdanning i psykisk helsearbeid.