Campus Førde
Velkommen til vår campus i Førde! Her finn du praktisk info om campus og kart.
Lurer du på noko?
Servicetorget kan hjelpe deg med det meste!
Opent kvardagar kl. 08.00–15.30 (til 15.00 frå 15. mai til 15. september).
- servicetorget@hvl.no
- Telefon: 55 58 58 00
Opningstider
Hovudinngangen er open måndag til fredag mellom klokka 07.45 og 17.00.
Alle andre dører treng du adgangskort for å opne.
Tilsette har tilgang med adgangskort måndag til søndag mellom klokka 06.00 og 23.00.
Studentar har tilgang med adgangskort måndag til søndag mellom klokka 07.00 og 23.00.
Finn fram på campus
I appen Mazemap får du kart over campus og hjelp til å finne fram til rom. Du kan laste ned appen på App Store og Google Play.
Mazemap finn du også på denne nettsida.
Studere
Lesesalar og studentarbeidsplassar
I bibliotek- og læringssenteret er det arbeidsplassar med og utan datamaskiner, og ikkje minst eit stort utval av bøker og fagtidsskrift. I resten av bygget finn du grupperom, ingeniørlabar og sjukepleiesenteret Florence.
Det er høve til å nytte ubrukte seminarrom og auditorium som studentarbeidsplassar, helst på dagtid. Klasserom kan du ikkje reservere, men du kan ta kontakt med Servicetorget for å ta dei i bruk. TimeEdit har oversikt over ledige rom. Treng du å reservere ein studentarbeidsplass, kan du reservere grupperom i TimeEdit.
Book grupperom
Når du vil ta ein pause frå studia, er det kort veg til kjellaren, der du finn studentkroa Akutten. Sandvolleyballbana og grillplassen på campus blir også mykje brukt, og er ei hyggeleg avkopling frå bøkene.
Bokskap
Du kan låne skap på campus, heilt gratis. Bokskap finn du i Høgskulebygget. Ved slutten av kvart studieår skal hengelåsen fjernast og skapet tømmast. Denne regelen gjeld sjølv om du skal fortsette som student til hausten. Dersom dette ikkje blir gjort, blir hengelåsen klipt opp og innhaldet fjerna i slutten av juni. Ta kontakt med Servicetorget om du har spørsmål.