Dronebilde over campus Førde, med elv, volleyballbane, grøntområde og høgskulebygg.

Campus Førde

Med rundt 700 ingeniør- og sjukepleiestudentar er Førde ein inkluderande studiestad der det er lett å bli kjent med andre.

Noko av det studentane våre er mest fornøgde med, er den tette kontakten mellom lærar og student. Lærarane kan namnet ditt, og dørene er stort sett alltid opne dersom du lurer på noko. Dette er éin av mange fordelar med å studere ved ein liten campus.

Høgskulebygget inneheld mykje av det du treng for å vere ein god student. I bibliotek- og læringssenteret finn du arbeidsplassar med og utan datamaskiner, lesesal og ikkje minst eit stort utval av bøker og fagtidsskrift. I resten av bygget finn du grupperom, ingeniørlabar og sjukepleiesenteret Florence. Grupperom bestiller du i TimeEdit

Kantina er open med begrensa tilbod.

Når du vil ta ein pause frå studia er det kort veg til kjellaren, der du finn studentkroa Akutten. Sandvolleyballbana og grillplassen på campus blir også mykje brukt, og er ei hyggeleg avkopling frå bøkene.

Campus Førde er røykfritt. På uteområdet er det oppmerka røykeplassar.

Tilgang til campus

Frå og med 12. august vil hovudinngangen på campusbygga vere opne for besøkande måndag–fredag kl. 08.00–15.00. (Frå 15. september til 15. mai er opningstida 07.30–15.45.)

Studentar óg bruke nøkkelkort i desse tidsromma:

  • Måndag–fredag kl. 07.30–22.00
  • Laurdag kl. 10.00–18.00

Bygga våre er stengde for studentar og besøkande frå og med 19. juni til og med 9. august.

Tilsette har tilgang måndag–søndag kl. 06.00–00.00.


Servicetorget i Førde

Ope kvardagar kl. 08.00–15.30 (til 15.00 i perioden 15. mai–15. september). 

Romoversikt i Førde