Hybel i Førde

Hybelen er ein viktig del av studentlivet. I Førde er du tett på det meste, og svært mange hyblar ligg plassert slik at du berre har ti minutt gå-avstand til høgskulen og sentrum.

Hybel hos Studentsamskipnaden

Studentsamskipnaden SAMAN tilbyr hyblar og leilegheiter. Du er ikkje for seint ute om du treng ein stad å bu i Førde, men ver rask med å kontakte Saman!

Private hyblar

Det finst også eit godt utval med hyblar på privatmarknaden. Hybel.no er ein god stad å leite. Du kan også finne eller søke hybel gjennom lokalavisa Firda.

Har du barn?

Gjennom Studentsamskipnaden kan barnet ditt få barnehageplass i Viebøen barnehage. Frå barnehagen brukar du fem minutt å gå til høgskulen.

Glade studentar sittande i seng på hybel.