Campus Haugesund

Høgskulebygget på campus Haugesund inneheld det meste av det du treng i studiekvardagen din.

Alle bygga våre på alle fem campusar er no tilgjengelege for både tilsette og studentar kl. 08.00–17.00, men bruken av bygga er avgrensa. Servicetorga svarar på telefon og e-post i opningstida. Her finn du informasjon om koronatiltak ved HVL.

Her finn du undervisningsrom, bibliotek, læringssenter og arbeidsplassar med og utan datamaskiner. Vi har også lesesalar, grupperom og forskjellige laboratorium.

I tillegg har høgskulen eit eige simulatorsenter for studentar i maritime fag. På senteret finst det sju navigasjonsbruer for fullskala simulering, og tolv studentstasjonar på navigasjonslaboratoriet. På laben kan ein drive med instrumenttrening og trening knytt til lasteoperasjonar.

I høgskulebygget finn du også ein kaffibar og ei kantine med godt utval av lunsj- og middagsrettar til gode studentprisar, og ikkje minst eit nyrenovert treningsrom i kjellaren som er gratis for medlemmer i studentidrettslaget.

Det er parkeringsplassar på campus for bilar med parkeringsløyve.

 

Kaffebaren på campus Haugesund
Student på lesesal
Arjen Kraaijeveld i auditoriet. Foto: Terje Rudi

Servicetorget i Haugesund

Opningstid: måndag–fredag 08.00–15.00

E-post: servicetorget.haugesund@hvl.no

Telefon: 55 58 58 00

Campus Haugesund

Hovuddøra til høgskulebygget (karuselldøra) er open: 

  • måndag–fredag: 07.30–19.00
    (ferier og høgtider: 08:00–15:30)
  • laurdagar i forbindelse med arrangement
  • søndagar stengt

Studentar og tilsette med nøkkelkort kan benytte HVL sine bygg i Haugesund frå kl. 06:30 til 23.00, sju dagar i veka. Det kan vere stengt eller begrensa opningstid i feriar og på høgstidsdagar (sjå eigne oppslag). HVL sine bygg har alarm og patruljerande vakt.