Ansvarleg industriinnovasjon, offentleg innovasjon og grøn innovasjon
Ph.d.-programmet Ansvarleg innovasjon og regional utvikling (RESINNREG) omfattar forskingsfelta ansvarleg industriinnovasjon, offentleg innovasjon og grøn innovasjon.
Forskingspilarar i RESINNREG
Ansvarleg industriinnovasjon
Fokuset for denne forskingspilaren er på bedrifter, organisasjonar, institusjonar og system for å forstå drivarane og hindringane for ansvarleg innovasjon og regional industriutvikling.
Pilaren består av tre hovudforskingstema:
- Utvikling og implementering av berekraftige teknologiar i regionar
- Organisering, marknadsføring og leiing for ansvarleg innovasjon
- Berekraftsorienterte innovasjonssystem
Du kan lese meir om forskinga vår på ansvarleg industriinnovasjon på dei engelske nettsidene våre.
Offentleg innovasjon
Denne forskningspilaren er tverrfagleg, og fokuserer på innovasjon på styrings- og tenestenivå. Mange offentlege innovasjonar er politisk drivne og legg vekt på innbyggerinvolvering og aktivt medborgerskap, og dette skiller innovasjon i marknaden frå offentleg innovasjon.
Hovedforskningstema:
- Innovativ styring, leiing og organisering av sektorane. Dette inkluderer samarbeid på tvers av offentleg og privat sektor, samt sivilsamfunn.
- Tenesteinnovasjon innan helse- og sosialomsorg. Rolla til profesjonene som endringsdrivarar er sentral, saman med virkninga av nye teknologiar, innanfor rammene gitt av organisasjonsformene og statlege forskriftar.
Du kan lese meir om forskinga vår på offentleg innovasjon på dei engelske nettsidene våre.
Grøn innovasjon
Den grøne innovasjonspilaren er ein stad for å diskutere og fremme forståinga av ansvarleg regional innovasjon frå eit tverrfagleg og heilskapleg perspektiv. Pilaren vil overvinne skiljet mellom natur og kultur, gjennom å finne innovative løysingar utover berre tekniske tilnærmingar. Han omfattar ein brei definisjon av grøn innovasjon, og studerer ei rekke emne, inkludert sosial og teknologisk innovasjon, naturinspirert innovasjon eller geoengineering.
Du kan lese meir om forskinga vår på grøn innovasjon på dei engelske nettsidene våre.