Blå og gul murvegg

Krigen i Ukraina og Høgskulen på Vestlandet

Dette er ei informasjonsside som blir jamleg oppdatert. Vi har stor merksemd på å ivareta studentar og tilsette som er råka av krigen, på å hjelpe flyktningar som kjem til landet vårt, og på å vere ein ressurs i lokalsamfunna vi er ein del av.

Do you prefer to read this article in English?

Ukrainske, russiske og kviterussiske studentar og tilsette skal kjenne seg trygge og ivaretatt. HVL har ei eiga beredskapsgruppe for koordinering og handtering av Ukraina-relatert saker. Den vert leia av organisasjonsdirektør Tage Båtsvik. Tilsette og studentar blir fulgt opp av fakultet, institutt og einingar.

HVL støttar Universitets- og høgskulerådet si fordømming av dei russiske angrepa på Ukraina og følgjer elles råd frå Kunnskapsdepartementet.

På dei engelske nettsidene våre finn du meir informasjon retta mot ukrainarar, til dømes svar på spørsmål om opptak til HVL og kontaktskjema.

bilde av Vil du bidra?

Vil du bidra?

Du kan melde deg som frivillig til Ukrainian Student Union in Bergen (USU)

Oppdateringar

1.7.2022:
Alle PhD-programmer og noen masterprogrammer er tilgjengelige for søknad. Vi vurderer for tiden hvilke semesterprogrammer og enkeltemner som skal være tilgjengelig. Ta en titt på spørsmål og svar for ukrainske studenter hvis du ønsker å søke.

Flyktninger av alle nasjonaliteter som oppholder seg i Norge og har registrert seg for kollektiv beskyttelse eller fått innvilget asyl i Norge kan søke om opptak. HVL vil ta imot søknader fra flyktninger selv om de ordinære fristene for internasjonale studenter er passert.

24.5.2022: HVL venter på avklaringer fra Kunnskapsdepartementet vedrørende bl.a. opptaksprosedyrer for ukrainske studenter.

28.3.2022: Studentar ramma av krigen kan få dekka levekostnadar. Regjeringa har derfor oppretta ei stipendordning for vårsemesteret 2022, som skal sikre at studentane kan fullføre sine pågåande studier i Noreg. HVL vil ta direkte kontakt med dei aktuelle studentane og gi støtte og hjelp. Les om stipendordninga.

13.3.2002: HVL har i brev av 10. mars svara Kunnskapsdepartementet at vi står klare til å yte hjelp og støtte i dei vanskelege og lite føreseielege tilhøva som står føre. Vi har kartlagt ledige studieplassar og moglegheiter for hurtig oppskalering av engelskspråklege tilbod og norskopplæring. HVL har og gitt signal om tilsetjing av ukrainske forskarar og akademikarar. I brevet til departementet understrekar HVL at det er naudsynt med nasjonal tilrettelegging og god samordning frå styresmaktene sin side kring krigen i Ukraina.

4.3.2022: Regjeringa frys forskings- og utdanningssamarbeidet med Russland.

bilde av Rektor Gunnar Yttri om situasjonen i Ukraina

Rektor Gunnar Yttri om situasjonen i Ukraina

– Russlands invasjon er eit grovt brot på folkeretten og krigshandlingane må opphøyre straks. Vi har særleg omtanke for studentar og kollegaer ved ukrainske universitet og høgskular. Vi følgjer utviklinga i Ukraina tett og har stor merksemd på kva støtte vi kan bidra med.

– Tida som no står føre krev mykje av studentar, tilsette og leiarar i HVL. Vi må halde oppe ein fornuftig og sanningssøkande dialog, seier rektor Gunnar Yttri.

– Vi må til dømes evne å plassere ansvaret for krighandlingar hjå ansvarlege styremakter og ikkje late heile folkegrupper få lida. Det er vårt ansvar å sjå til at stigmatisering og diskriminerandre kategorisering ikkje finn stad. Vi har tilsette og studentar med band til ikkje berre Ukraina, men også til Russland og Kviterussland, og til nabolanda. Dei må alle takast vel i vare i desse dagar. Alle kan vi bidra til å lette kvardagen.

Vi kan kvar og ein gjere vårt. Det å ta seg tid til å lytte og samtale, det har ein særleg verdi for både studentar og tilsette i desse dagar.

Rektor Gunnar Yttri

– I ein krig vil propaganda vere ein del av krigføringa. Vår tid med sosiale medier gir oss alle ei rolle å spele. Det er særs viktig at kvar og ein tek eit aktivt ansvar for å ikkje byggje på eller spreide misvisande eller usanne opplysningar.

– Vi veit at fleire av våre eigne tilsette og studentar kan kjenne på ekstra uro og sorg i desse dagar. Både HVL og studentsamskipnaden Saman legg difor til rette for samtaletilbod og støtte for dei som har behov for det.

Er du student og treng nokon å snakke med?

Er du tilsett og treng nokon å snakke med?

Ulike ressurssider