16 millionar kroner til Senter for fysisk aktiv læring
Gjensidigestiftelsen held fram med økonomisk støtte til Senter for fysisk aktiv læring (SEFAL) ved Høgskulen på Vestlandet.
– Med Gjensidigestiftelsen som støttespelar kan vi nå målet vi sette for to år sidan då vi starta opp: å arbeide tett saman med 100 skular og utdanne 1000 lærarar i fysisk aktiv læring, seier Geir Kåre Resaland, leiar ved Senter for fysisk aktiv læring i Sogndal.
Fysisk aktivitet i teoretiske fag
Fysisk aktiv læring er ein undervisningsmetode som læraren kan nytte i teoretiske fag som til dømes matematikk, engelsk eller naturfag der elevane er fysisk aktive. Den praktiske undervisninga kan vere ute i skuleområdet, i gangar eller i klasserommet og representerer derfor ein variasjon til stillesittande undervisning.
– Fysisk aktiv læring er planlangt og leia av den læraren som underviser elevane i faget. På denne måten vert fysisk aktiv læring ein del av ein pedagogisk heilskap og ein arbeidsmåte for å oppnå lærings- og kompetansemål i faget, fortel Resaland.
Repetisjon av fagstoff med høg puls
I fysisk aktiv læring (FAL) arbeider elevar som oftast saman i grupper, gjerne to til fem elevar, sett saman av læraren. Læraren gjer jamlege vurderingar i høve samansetting og storleik på gruppene. FAL kan både vere repetering av fagstoff som læraren allereie har gjennomgått i klasserommet, eller innlæring av fagstoff for første gang.
– Aktivitetane kan ha ulik intensitet, frå det heilt rolege til høg puls, bestemt av læraren, fortel senterleiaren.
Berekraftig kompetansesenter
Resaland takkar Gjensidigestiftelsen, både for den generøse gåva på 16 millionar, men også for tildelinga i 2018 på 24 millionar kroner til etableringa av SEFAL.
– Støtta frå stiftelsen gjorde det mogleg å realisere draumen eg bar på i mange år om å skape eit senter ved campus Sogndal som samarbeida med lærarar og rektorar i praksisfeltet om å utvikle kompetanse knytt til fysisk aktiv, praktisk og variert undervisning i teoretiske fag.
Resaland seier at han saman med dyktige kollegaer vil nytte dei neste åra på å vidareutvikle arbeidet og gjere SEFAL til eit berekraftig kompetansesenter og ein pådrivar for utviklings- og forskingsarbeid i skulen.
– For oss har SEFAL-prosjektet vore eit mønsterprosjekt. Prosjektteamet har vist stor gjennomføringsevne, profesjonalitet og høg måloppnåing i første del av prosjektperioden, skriv leiar for samfunn og gave i Gjensidigestiftelsen, Ingrid Tollånes, i ei pressemelding.
Internasjonale nettverk
SEFAL arbeider i dag med både utvikling og forsking, og både forskarar, stipendiatar og masterstudentar er involvert i prosjekt knytt opp mot FAL og skulebasert kompetanseutvikling i skulen.
SEFAL har også fleire internasjonale faglege nettverk gjennom bl.a. Erasmus+ prosjektet ACTivate, eit samarbeidsprosjekt mellom Norge, England, Nederland, Finland, Danmark og Portugal, med mål om å skape eit europeisk læreplan i FAL og opplæringsprogram inkludert nettbaserte ressursar.
Les meir om Senter for fysisk aktiv læring her.
Dersom du har spørsmål om SEFAL eller fysisk aktiv læring, ta gjerne kontakt på e-post geirkr@hvl.no