Dei skal leie eit nytt løft for barnehagane

Regional ordning for kompetanseutvikling i barnehage (ReKomp) er ei heilt ny, nasjonal ordning for kvalitetssatsing i barnehagane. HVL har fått ansvaret for å koordinere nettverket frå UH-sektoren som skal jobbe med dette.

Edit Bugge og Margareth Eilifsen frå Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett er dei to personene som leiar nettverket. Dei hadde nyleg den første nettverkssamlinga på Gardermoen, og samla fagfolk frå alle dei 11 barnehageutdanningane i landet. Målet for denne første samlinga var å samordne seg, gje orientering om satsinga, bli kjent med dei ulike partane i ordninga, og starte nettverket for UH-sektoren.

- Hovudmålet med ordninga er styrke kvaliteten for alle barn i barnehagane. Strategisk plan for satsing på kvalitet i barnehagen er revidert, og endringane i den nye planen er større satsing på ALLE barnehagar og alle tilsette i barnehagen.  Noko av målet med ordninga er å gjere ny kunnskap tilgjengeleg for fleire, seier Edit Bugge.

Likeverdig samarbeid

Inntil no har arbeidet med regional kompetanseheving i barnehagane vore nokså hierarkisk strukturert. Nokre barnehagar har vunne fram med å få kompetansehevingstiltak – andre ikkje. Systemet har vore slik at den enkelte barnehagen har måtta søkje om tiltak og vore i konkurranse med andre i same sektor.

Utdanningsdirektoratet (UDIR)  har funne at dei ønskjer ei endring slik at det vert eit meir likeverdig samarbeid mellom partane som jobbar med kvalitet i barnehagen. Frå no av skal kvalitetshevinga styrast gjennom eit regionalt samarbeid der fylkeskommunen, barnehagane og UH-sektoren samarbeider om korleis kompetansehevinga skal skje. Partane skal nå lage langsiktige og strategiske satsingar, og dei skal ikkje søkja etter midlar, men bli einige om kva dei vil satse på.

- Det kjem til å endre fullstendig på korleis høgskulane arbeider med barnehagane. Mellom anna betyr det at fagfolk i mykje større grad skal ut i barnehagane og jobbe med kvalitet der, i staden for å kalle inn til kurs, seier Margareth Eilifsen.

- I tillegg til kvalitetsløft i barnehagane, vil dette også vere eit løft for barnehageutdanningane når fagleg tilsette går ut og arbeider tett med praksisfeltet om kvalitet i barnehagen. Vi ser for oss at denne ordninga kan bringe praksisfeltet tettare inn i grunnutdanninga.

Den nordiske barnehagemodellen

Rekomp er ein parallell til Dekomp, tilsvarande ordning for kompetanseheving i grunnskulen. HVL har fått oppdraget om å leie nettverka som skal koordinere begge desse to nasjonale ordningane. Bugge og Eilifsen ser det som ein stor tillitserklæring til fagmiljøa ved HVL, og ei svært viktig oppgåve.

- Vi har ein nordisk barnehagemodell som vi  er veldig stolte av og opptekne av å hegne om og styrke. Sentrale prinsipp er danning, demokrati, medverknad, berekraft og livslang læring, seier Eilifsen.

Ho og Bugge meiner at Rekomp-nettverket speglar verdiane i barnehagen i måten å jobbe på – gjennom likeverdig partnarskap.

- Det fine med nettverksstrukturar er at dei motverkar dei meir hierarkiske strukturane. Vi opnar for at det finst fleire sanningar, og opererer med eit breiare kunnskapssyn. Svara er ikkje gitt på førehand, seier Bugge.

Du kan lese meir om denne satsinga her. På bildet under: Margareth Eilifsen (t.v.) og Edit Bugge: