Første disputas ved Fakultet for helse- og sosialvitskap: Om ei spesiell sorg

Foreldre som opplever å miste eit barn i narkotikarelatert død, går gjennom ei ekstra krevjande sorg, viser Kristine Berg Titlestad i doktorgradsarbeidet sitt. Disputasen hennar er eit stort steg vidare for forskingsmiljøet innan helse- og sosialfag.

 

“Altså jeg vet jo at vi alle tenker det. At, hvis du får rusmisbrukende barn, så har du på en måte ikke vært bra nok. Eh, sånn at du leter etter den, eh, klandringen i andre folks øyne, du ser det, selv om den ikke er der, ja.”

Dette seier ein av dei 14 foreldra som Titlestad har følgt nært gjennom doktorgradsarbeidet sitt – sju fedrar og sju mødrer som har mista barna sine på grunn av narkotikabruk. Og nettopp denne erfaringa er gjennomgåande for dei: kjensla av at ein slik død ikkje er høgverdig, og at dei dermed ikkje har rett til å sørge.

- Ein stigmatisert død er gjerne ein død omverda oppfattar som resultatet av eit val den avdøde har gjort. Livsførselen til denne gruppa er knytt til skam og skuld som kan smitte over på dei etterlatne. Dermed påfører dei ofte seg sjølve å vere tause om tapet dei har lidd. Slik blir dei meir usynlege enn andre sørgande, sa Kristine Berg Titlestad under disputasen på Kronstad 16. august.

Eit steg på vegen mot å bli eit universitet

 Doktorgradsprogrammet «Helse, funksjon og deltaking» blei oppretta i 2019, og Titlestad er den første av stipendiatane som forsvarer doktorgraden sin. For tida er 31 personar tatt opp i programmet, og 12 nye er på veg inn. Dermed har den nye doktorgraden blitt bygd opp raskt, som eit av i alt fire doktorgradsprogram på eigen kjøl ved HVL. Eit av dei andre phd-programma, Resinnreg om temaet ansvarleg innovasjon, er eit samarbeid mellom tre av fakulteta, der FHS har ansvar for eit av tre områda i programmet: tenesteinnovasjon.

Ein stigmatisert død er gjerne ein død omverda oppfattar som resultatet av eit val den avdøde har gjort.

Kristine Berg Titlestad

- At vi har doktorgradsprogram ved FHS har ført til meir forskingsaktivitet innan helse- og sosialfaga ved HVL. Fleire tilsette får også erfaring som rettleiarar på dette nivået og med andre meritterande oppgåver. No kan vi sjølv utdanne førstekompetente på fagområde der det i dag ikkje er lett å rekruttere den kompetansen vi treng, seier Gro Anita Fonnes Flaten, prorektor for forsking.

- Utdanningsløpet ved dette fakultetet er no fullført, slik at våre studentar kan begynne med bachelor og gå vidare heilt til topps. Dette er viktig både for fakultetet og for Vestlandet.

Oppbygginga av forskarutdanningane ved HVL er eit viktig steg mot å bli eit profesjons- og arbeidsretta universitet, som er målet i 2023. Det stiller krav til at forsking og utdanning heng nøye saman, og at forskingsmiljøa er sterke. Doktorgraden bidreg til begge delar.

Eit underbelyst folkehelseproblem

Doktorgradsarbeidet til Titlestad er knytt til END-prosjektet, som per i dag er verdas største forskingsprosjekt om etterlatne etter narkotikarelatert død. Av dei 255 etterlatne i studien er 95 foreldre inkludert i doktorgradsarbeidet. Ho går grundig inn i fleire sider ved denne typen tap: opplevinga av stigma, korleis sjølve sorga arta seg, korleis dei blei møtte av omverda og kva det hadde å seie for deira personlege helse, funksjon og deltaking.

- Narkotikarelatert død er eit underbelyst problem, sjølv om det er utbreidd og aukande. Norge ligg på Europa-toppen når det gjeld denne typen dødsfall, og i 2020 var talet rekordhøgt. Dermed får vi svært mange etterlatne kvart år med behov for oppfølging, men dei har i stor grad vore ei oversett gruppe, seier Titlestad.

Under disputasen peika ho på korleis stigmatiseringa av desse etterlatne skjer på mange nivå, både gjennom samfunnsstrukturar, hjelpeapparatet og sosiale relasjonar. Dessutan stigmatiserer dei etterlatne også seg sjølve – dei tek ofte på seg skulda for at dei ikkje greidde å redde barnet sitt. Heilt til siste stund har dei næra håpet om at dei kunne redde det, og sjølv om dei har visst om narkotikabruken, kjem døden som eit sjokk. Alt dette gjer at dei kan bli råka av forlenga sorg: Reaksjonane deira er gjerne langt meir langvarige og krevjande enn for sørgande elles.

- Spørsmålet om kvifor barnet døydde, blir ekstra stort og viktig for desse foreldra. Dei hungrar etter kunnskap, ein måte å forstå rusavhengigheita og tapet på, seier Titlestad.

Som konklusjon peika Titlestad på kva grep som trengst for at stigma av denne gruppa kan bli redusert, og sorga deira møtt på betre måtar av samfunnet: mellom anna gjennom proaktiv krisehjelp rett etter tapet, hjelp over tid, tilbod om støttegrupper og meir offentleg anerkjenning av denne hardt råka gruppa.

Forsking på traumatisk død aukar

Kristine Berg Titlestad er klinisk vernepleiar og tilsett ved vernepleiarutdanninga ved Institutt for velferd og deltaking. Ho har vore knytt til END-prosjektet (Etterlatne etter narkotikarelatert død) som har vore etablert og leia av Kari Dyregrov. No skal Titlestad og kollega Lillian Bruland Selseng ta over leiinga av forskingsprosjektet. Titlestad har også vore sterkt involvert i feltet kunnskapsbasert praksis.

Spørsmålet om kvifor barnet døydde, blir ekstra stort og viktig for desse foreldra.

Kristine Berg Titlestad

- Forsking kring sorg, stigma og traumar er ganske nytt, men no er feltet i sterk vekst. I Norge har det blitt sentralt, særleg på grunn av arbeidet til Kari og Atle Dyregrov, seier Alice Kvåle, prorektor for forsking ved FHS.

- Vi er utruleg glade for at Titlestad er ein av forskarane som tek over denne stafettpinnen. For kvart av desse traumatiske dødsfalla blir minst ti personar sterkt påverka, så det er på høg tid at vi forstår og følger opp denne gruppa langt betre.

Dekan Randi Skår ved FHS slår fast at det er ein milepæl for fakultetet å nå få den første disputasen i programmet Titlestad har vore stipendiat i:

- Med prosjektet sitt har ho bidrege til å styrke vår faglege profil og vårt samfunnsmandat. Ho er ein inspirasjon både for dei stipendiatane som kjem etter, og ikkje minst for studentar og fagmiljø innan sosialfag og vernepleie, seier Skår.

- END-prosjektet og avhandlinga til Titlestad er også eit godt eksempel på at vi har lukkast med å bygge fag- og forskingsmiljø på tvers av campusane.

Sorga, kjærleiken og alle som står rundt

Førsteopponent under disputasen var den amerikanske sorgforskaren Katherine Shear, med over Skype. Ho roste arbeidet til Titlestad og kalla henne «an amazing new collegue» - ein framifrå ny kollega. Ho spurte doktoranden ut om stigma, traume og sorg – korleis ho forstod desse omgrepa.

For kvart av desse traumatiske dødsfalla blir minst ti personar sterkt påverka, så det er på høg tid at vi forstår og følger opp denne gruppa langt betre.

Alice Kvåle, prodekan for forsking

- Sorg er så komplisert og mangfaldig. Ei utfording med å forstå kjensla, er at kvart einaste menneske har sin eigen måte å sørge på. Og dei sørger dessutan også ulike tap på ulike måtar. Korleis ser du på sorg? undra Shear.

- Ho er samansett og opplevast svært forskjellig, sjølv innanfor den same familien. Korleis etterlatne handterte tapet blei dessutan veldig påverka av samfunnets negative haldningar til rusavhengige personar. Det blei vanskeleg for desse foreldra å spørje om hjelp, sidan dei kjente at sorga deira ikkje var verdt noko, sa Titlestad.

- Kjensla er også vekslande og uføreseieleg – i bakgrunnen og dempa for ei tid, så brått intens igjen. Kva er det som framkallar ho? Av og til er det noko i omverda, andre gongar kjem det innanfrå, sa Shear.

- Tru på eiga mestring er veldig viktig. Men allereie før dødsfallet mister desse foreldra trua på seg sjølv ved at dei ikkje klarer å hjelpe barnet sitt. Så når døden kjem, har dei låg mestringskjensle. Det påverkar sorgprosessen.

- Vi har av og til sagt at sorg er ei form for kjærleik. Kva trur du om det?

- For desse foreldra er det komplisert. Forholdet til det rusavhengige barnet er gjerne som ei berg- og dalbane, der dei iblant får lov til å hjelpe, men i andre periodar blir avviste. Men ja, det er kjærleik, sa Titlestad.

Les heile avhandlinga hennar her.