Ho blei heidra med minneplate

Hanne Kristine Fridtun, då 19 år gammal og sjukepleiarstudent i Førde, døydde under terroråtaka på Utøya. – Ho er framleis og vil alltid vere ein del av oss, sa Torbjørn Vereide under minneseremonien.

Stortingsrepresentanten og arbeidarpartipolitikaren frå Sogn og Fjordane var nær ven og partifelle med Fridtun i 2011. Fredag 14. juni var han ein av fleire som var til stades under markeringa ved den nye minneplata som heng på utsida av bygget på campus Førde - ein plass der studentar og tilsette ofte likar å sitte på soldagar, og der det er godt å samlast.

- Det er vanskeleg å finne dei rette orda i dag. Men eg vil seie ein ting: Hanne Kristine var litt rar! Eg trur ho har det etter faren. Og så var ho grenselaust omsorgsfull. Det var nok etter mora. Alltid var ho litt stressa over om alle rundt henne hadde det godt, hugsa Vereide.

Kven vil vi vere som menneske?

Rektor Gunnar Yttri snakka om kvifor det er så viktig å minnast.

- Vi treng dette minnesmerket for å styrke oss i samtida og for å forme framtida. Kven er det vi vil vere som menneske, som medmenneske og som deltakarar i samfunnet? spurte han.

Dei unge AUF-arane på Utøya jobba for eit samfunn prega av likeverd, solidaritet og mangfald. Når terroristen drap og skadde så mange av dei, var det desse verdiane han gjekk til åtak på. Og dei verdiane er framleis noko vi ikkje kan ta for gitt, men må halde fram å forsvare og fremje kvar einaste dag, sa rektor:

- Vårt eige engasjement og våre eigne handlingar er avgjerande.

- Saknar henne kvar dag

Med på markeringa var bror hennar, David, og foreldra Kolbein og Eva Fridtun. Då dottera deira blei drepen, var engasjementet i heimbygda Stryn enormt. 2000 menneske gjekk i fakkeltog, og fleire hundre deltok i gravferda. No er det 13 år sidan.

- Det betyr mykje for oss at dottera vår blir heidra slik som dette – at ho blir hugsa for kven ho var og kva ho stod for, seier faren Kolbein Fridtun.

Å skulle leve med å ha mista henne på så dramatisk vis, har vore svært krevjande for familien. Stadig kjem påminningane om det som skjedde 22. juli 2011, sidan det er eit nasjonalt traume. Men sjølv om det gjer vondt, synst dei likevel det er viktig at vi som samfunn snakkar mykje om det og hugsar på dei som døydde, og kvifor dei døydde. Aldri tie, aldri gløyme – foreldra sluttar seg til dei orda.

- Eg saknar henne kvar dag, seier mora Eva Fridtun.

- Ho treivst utruleg godt med sjukepleie og brann for det faget. Eg trur ho ville blitt ein veldig flink sjukepleiar, om ho hadde fått leve.

Stadig større aldersforskjell

Frida Selvik frå AUF hugsa Fridtun som ein person med ei nydeleg utstråling. Ho viste at politikken hadde hjarterom for mange, og ho var med på å starte mange lokallag av AUF i Sogn og Fjordane. Slik lever engasjementet til Fridtun vidare gjennom alle dei ho inspirerte til å bli med i det politiske livet.

Torbjørn Vereide, som var jamaldrande med venninna og partifellen Hanne Kristine då ho brått blei riven bort, synst det er noko rart med åra som går. Mens han blir eldre, kjennest det som at aldersforskjellen mellom dei veks. Dei skulle jo ha blitt eldre side om side, men slik blei det ikkje.

- Eg har prøvd å forstå det som skjedde. Men at hatet kunne bygge seg opp slik, kan eg framleis ikkje forstå, sa Vereide.

Viss mange nok ropar, skriv eller seier hatefulle ytringar, er det alltid ein som er villig til å dra hatefulle haldningar ut i handlingar. Derfor skal vi passe på orda vi og andre bruker, framheva Vereide. Viss vi skal heidre den Fridtun var, betyr det å jobbe på alle dei måtane vi kan for at slike hatefulle handlingar ikkje skjer igjen:

- Vi kan alle ha ein liten del av Hanne Kristine med oss. Det betyr: å stå opp om morgonen kvar dag og prøve å gjere noko godt for dei rundt oss.

Fremste rekke frå venstre: Torbjørn Vereide (Ap), Nina Haug (AUF), Frida Selvik (AUF), Kolbein Fridtun, Eva Fridtun, David Fridtun, Anny Aasprang (fagseksjonsleiar ved Institutt for helse- og omsorgsvitskap) og Anne-Grethe Naustdal, prorektor for utdanning. Foto: Katrine Sele