Innfører avstandskrav i undervisinga ved campus Bergen

Smittetrykket i Bergen er høgt og jamt aukande. Det gjer at HVL onsdag denne veka tar eit steg tilbake og innfører avstandskravet i undervisinga ved campus Bergen. Frå 1. september vil timeplanen som vart lagt før sommaren vere gjeldande ved campus Bergen.

HVL si krise- og beredskapsgruppe har hatt møte måndag 30. august og bestemt at ein for campus Bergen tilbakefører avstandskravet i undervisingssituasjonar igjen. Dette vil gjelde frå og med onsdag 1. september, og i første omgang fram til og med sundag 12. september.

Undervisingsromma i Bergen vil fortlaupande bli merka.

– Eit vedvarande høgt smittetrykk gjer at vi vel å tilbakeføre avstandskravet i undervisinga, seier rektor Gunnar Yttri i HVL.

– Vi set ting på vent før vi igjen kan opna for meir fysisk undervising på campusen vår i Bergen.

Heilt konkret betyr det at det er timeplanen som HVL la før sommaren som no vil bli tatt i bruk og gjelde for ein periode framover ved campus Bergen.

– I den timeplanen ligg avstandskravet bygd inn for alle undervisingsromma våre. Det inneber at studentane våre i Bergen vil få ein kombinasjon av fysisk og digital undervising framover. Kor lenge vi driv slik er avhengig av smittetrykket.

– Det er difor viktig at tilsette og studentar orienterer seg i timeplanen no framover.

Ulik smittesituasjon ved campusane

For dei fire andre campusane i HVL vil avstandskravet i undervisinga per no ikkje bli innført igjen.

– Smittesituasjonen er ulik ved alle dei fem campusane våre. No er det særskilt høgt smittetrykk i Bergen, og vi tar naudsynte grep her. Men vi tar høgde for at situasjonen òg kan endra seg ved dei andre campusane våre. Då vil vi informere om det raskt.

Yttri fortel at HVL ber alle studentar og tilsette om å følje smittevernsråda til styresmaktene om avstand og god hand- og hostehygiene, samt oppmodinga til alle om å vere heime dersom ein har luftvegssymptom og ha låg terskel for testing og følgje tilbodet om vaksinasjon. Last og ned appen Smittestopp slik at du lett kan gje og få melding om nærkontakt ved smitte.

– Vi har jamlege møter med vertskommunane våre og finn gode tiltak og løysingar i lag.

– Framleis er det slik at det er den kommunale smittesporinga som skal smittespore og eventuelt karantenesette. HVL har ikkje, og skal ikkje ha oversikt over vaksinestatusen blant studentar og tilsette. Vi har derfor ikkje moglegheit for å avgjere kven som skal i karantene og ikkje.

Smittesporingstiltak i undervisningsrom

– Vår erfaring er at den kommunale smittesporinga tidvis er under press og at det tek ein del tid før ein kjem i gang med sporing. Men den som er smitta, og som då vert sett i isolasjon, vil oftast bli beden om å ta kontakt med sine nærkontaktar og informere om situasjonen. Den enkelte vil då måtte vurdere si eigen karanteneplikt etter dei nye reglane som gjeld no.

– I den samanhengen har vi no innført eit eige smittesporingstiltak i undervisningsrom med fast møblering på alle dei fem campusane våre. Her tek studentane bilete av den plassen dei sit på i dei ulike undervisningstimane med mobilen sin.

– Til slutt vil eg takke alle for god innsats både gjennom studiestart og fadderveker. Vi har saman lukkast med å halde campusane vore opne gjennom heile pandemien – og det er særs viktig.

– Eg er óg glad for at vi tek godt vare på kvarandre.

Meir informasjon om koronatiltak ved HVL.