Kari Dyregrov får FoU-prisen for 2020

Professor Kari Dyregrov ved Institutt for velferd og deltaking får prisen for sitt forskingsarbeid knytt til sårbare tema som sorg, sjølvmord og narkotikarelatert død.

Sjå samtale mellom rektor Berit Rokne og prisvinnaren:

– Det er utruleg hyggeleg å motta ein slik pris. Eg veit kor mykje god forsking som skjer ved alle fakultet ved HVL, då er det veldig stort å motta ein slik pris. Eg har mange dyktige kollegaer med meg som gjer at eg får lov til å drive med gode prosjekt, og ikkje minst legg HVL til rette for det, seier prisvinnar professor Kari Dyregrov.

Forskings- og innovasjonsutvalet (FI-utvalet) lyste den 12. oktober for første gong ut ein FoU-pris ved Høgskulen på Vestlandet (HVL). Fakulteta nominerte totalt ni kandidatar, og den 11. desember er prisen endeleg delt ut til professor Kari Dyregrov.

– Gjennom sitt forskingsarbeid og engasjement har Kari Dyregrov bygd opp eit glimrande og inkluderande forskingsmiljø ved HVL. På grunn av ei heilskapleg vurdering avgjer FI-utvalet at FoU-prisen går til professor Dyregrov, seier Gro Anita Fonnes Flaten, som er prorektor for forsking og leiar av FI-utvalet.

Fagjuryen lovpriser Dyregrov

Fagjuryen omtalar Dyregrov som ein anerkjend forskar innan sårbare tema som sorg, sjølvmord og etterlatne etter narkotikarelatert død. Ho har vore prosjektleiar for ei rekke med forskingsprosjekt og er no ansvarleg for verdas største forskingsprosjekt på etterlatne etter narkotikarelatert død – den såkalla END-studien. 

Fagjuryen skriv vidare at Dyregrov har ei inkluderande og delande haldning. Ho bidrar til kompetanseheving ved instituttet, og ho løftar kollegaer opp og fram. Juryen lovpriser også Dyregrov for utmerkande formidling av sitt fagfelt, gjennom tallause intervju i fagtidsskrift, TV, radio og aviser i Noreg og internasjonalt.

35 år med viktig forsking

Kari Dyregrov har 35 års erfaring som forskar, og har spesialisert seg på sorgarbeidet og støtteapparatet rundt etterlatne etter brå død. I tillegg til narkotikarelatert død har forskinga dreidd seg om etterlatne etter sjølvmord, terorråtak, kreft og plutseleg barnedød.

–  Eg forskar på triste tema, og har mange gongar blitt spurd om korleis eg held motet oppe sjølv. Svaret er at dette er så meiningsfullt og givande å jobbe med. I tillegg har eg ein god grunnmur av ein trygg og god familie, seier prisvinnaren.

Og akkurat den skal professoren vie meir tid framover. Til sommaren går Dyregrov ut av professoratet for å tre inn i pensjonslivet, men vil halde fram i ei 20 prosent stilling. I tillegg kjem ho ut med to bøker til våren, den første er Nye perspektiver på selvmord, og er skriven i lag med Vigdis Songe-Møller.

– Mange kapittel handlar om førebygging av sjølvmord, i tillegg til sekundærførebygging: vi må vareta dei etterlatne betre, for å hindre nye sjølvmord, fortel Dyregrov.

Fleire sterke kandidatar

Det er nominert fleire gode kandidatar til årets FoU-pris, som alle er sentrale bidragsytarar på sine felt, skriv juryen.

Blant dei tre sterkaste kandidatane til årets pris var òg professor Geir Kåre Resaland og professor Eivind Aadland. Forskingsfelta deira er knytt til fysisk aktivitet og helse, spesielt hos barn og unge i skule og barnehage.

Juryen skriv at dei begge bidrar med tidsaktuell og samfunnsrelevant forsking som held høg nasjonal og internasjonal kvalitet. Dei jobbar dessutan strategisk for å bygge og utvikle fagmiljøa og dei bidrar til å styrke HVL sitt internasjonale forskingssamarbeid.

Om FoU-prisen:

  • Den heilt nyoppretta prisen skal anerkjenne FoU-aktivitet av god kvalitet og strategisk relevans for HVL.
  • Prisen skal stimulere til å vidareutvikle kvaliteten på forskinga, auka ekstern finansiering og internasjonal verdsetjing. Prisen er ein sum på 75.000 kroner og eit diplom.
  • Det er Forskings- og innovasjonsutvalet (FI-utvalet) som har tatt initiativet til opprettinga av den årlege prisen. Utvalet er leia av prorektor for forsking, Gro Anita Fonnes Flaten.