Kor engasjert skal det engasjerte universitetet eigentleg vere?

Vi skal vere det engasjerte universitetet som bidreg til innovasjon og berekraftig utvikling av samfunnet. Dilemmaet er: Ikkje all innovasjon er bra.

Er kunstig intelligens ei god oppfinning?

Spørsmålet er svært vanskeleg å svare på, og nett i desse tidene er det oppe til heftig diskusjon. Blant maskinlæringsekspertar finst det stemmer som roper på full stans i den vidare utviklinga. Dei fryktar at dette verktøyet blir for mektig og vanskeleg å kontrollere, og at det dermed utgjer ein trussel mot menneskeheita. På same tid blir KI alt brukt på fleire måtar som er til stor gagn, mellom anna ved å bidra til betre diagnostisering av pasientar og meir effektive og sparsame løysingar innan energisektoren.

– Slik er det med veldig mange innovasjonar. Vi har vanskeleg for å føresjå kva slags effektar dei har i det lange løp, og korleis dei kjem til å bli brukt. Men dette er noko vi er pliktige til å vurdere så godt vi kan før vi engasjerer oss i å utvikle noko nytt, seier Stig Erik Jakobsen.

Eit omgrep frå privat sektor

Han er professor i innovasjonsstudium og leiar for Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling, og på leiarsamlinga i Førde nyleg heldt han innlegg om ansvarleg innovasjon – noko som skal prege det kommande Universitetet på Vestlandet. Det å bidra til ansvarleg innovasjon er ein viktig del av samhandlinga vår med samfunnet rundt oss.   

Allereie er samhandling heilt i kjernen av identiteten til HVL. Samstundes er omgrepet dårleg definert. Kva skal denne samhandlinga innebere? Korleis skal den gå føre seg, kva innovasjonar skal vi bidra til, og i kva tilfelle skal høgskulen velje å ikkje involvere seg?

– Innovasjon er eit omgrep som oppstod i privat sektor, og som sidan har gjort sitt inntog i universitets- og høgskulesektoren. I utgangspunktet handla innovasjon mest om at ei bedrift introduserte eit nytt produkt, og hovudmålet då var å styrke topplinja og botnlinja, seier Jakobsen.

– Målestokken for om ein innovasjon var bra, var med andre ord om den var gunstig økonomisk. Men vi som universitet skal vere ein aktør som utøver ein praksis til det beste for samfunnet. Då krev det ein mykje høgare grad av refleksjon kring kva vi gjer.

Dei vanskelege avtalene med næringslivet

Universitetet i Bergen støytte nyleg borti etiske dilemma kring forsking og innovasjon knytt til eit samarbeid med Equinor. I dette samarbeidet, som starta i 2014, bidreg selskapet med betydelege beløp for å fremje forsking og utdanning som er gunstig både for Equinor og UiB. Mykje handlar om å utvikle ny teknologi innanfor olje- og gassektoren.

Avtalen forplikta UiB til å gje positiv omtale av prosjektet – noko som naturlegvis blei djupt problematisk i ei tid med klimakrise, der universiteta si rolle som uavhengige og kritiske kunnskapsformidlarar er særdeles viktig. UiB valde i 2022  å fjerne denne formuleringa frå avalen, av etiske og miljømessige grunnar.

HVL hadde også tidlegare eit bachelorstudium innan petroleumsteknologi, og i åra 2013-14 var dette blant dei studia i Noreg som var aller vanskelegast å komme inn på. Så fall oljeprisane i 2014, og trenden snudde heilt. Då endra høgskulen innretninga på kurset og gjorde det om til eit studium innan havteknologi. Dermed handla det om eit breiare spekter av energiformer enn berre olje og gass – det inkluderte også meir berekraftige teknologiar innan havvind. I tillegg dekka studiet også havbruksteknologi (fiskeoppdrett).

– Dette var fordi vi ønskte å vere ansvarlege og bidra til at all utvikling i havet skjer på ein berekraftig måte. Samstundes var det også ei økonomisk tilpassing, sidan unge folk snudde seg vekk frå petroleumsnæringa og -utdanninga, seier Jakobsen.

Eit utvida innovasjonsomgrep

Ved Mohnsenteret forskar dei på dei ulike sidene av innovasjonsprosessar og korleis dei kan bidra til regional utvikling. Eit stort tema er korleis vege mellom solsidene og skuggesidene til nyvinningar. Også høgskulens nyaste doktorgradsprogram, RESINNREG, handlar om det same. Her er forskarane opptekne av å få fram eit utvida innovasjonsomgrep – noko som rommar langt meir enn det folk gjerne tenkjer når dei høyrer ordet «innovasjon».

Tradisjonelt har dei fleste forstått innovasjon som oppfinningar innan industrien. Men det kan også til dømes handle om tenesteinnovasjon, nye måtar å strukturere arbeidet til sjukepleiarar eller omsorgsarbeidarar. Innovasjon kan for eksempel vere å innføre ei rutine med å føre opp daglege gjeremål på ei tavle etter kvart som dei blir gjennomførte, slik at neste sjukepleiar på skiftet kan oppdatere seg med eit raskt blikk og slik gje meir forsvarleg oppfølging til pasienten. Det kan også handle om å finne metodar for å introdusere meir fysisk aktiv læring i skulekvardagen.

Ofte tenkjer vi på innovasjon som noko som veks fram av forsking, men det kan like gjerne vere erfaringsbasert og oppstå frå den praktiske klokskapen som kjem frå å utøve ein profesjon.

– Innovasjonsfeltet blir belyst av mange forskjellige faglege tradisjonar, til dømes ingeniør, helse, samfunnsvitskap og økonomi. Når desse tenkjemåtane møtest, slik som ofte skjer i forskingsprosjekt hos oss, så er dei ulike perspektiva hos folk innovasjonsdrivarar, seier Jakobsen.

Med andre ord – vi tenkjer betre i lag, og når vi kan kombinere mange ulike måtar å forstå røyndommen på.

Flott, men krevjande

Ideen om kva eit universitet kan vere, har vore i sterk endring over tid. I den gamle, klassiske forståinga av det, slik som det tradisjonsrike Humboldt i Tyskland, skulle universitetet vere eit kunnskapstårn der du utvikla kunnskap for kunnskapens del, utan særleg tanke på kva den hadde å seie for omverda.

Sidan kom ideen om det entreprenørielle universitetet, ein institusjon som skulle bruke forsking og utdanning til å skape næringsutvikling. Dette handla mykje om å kommersialisere forskinga.

Det engasjerte universitetet er ei vidareutvikling av denne tankegangen, der målet om berekraft også kjem inn. Vi skal med andre ord ikkje berre innovere, men også vere ein pådrivar for berekraftig utvikling. Alt dette er samanfatta i omgrepet ansvarleg innovasjon – det skal ta ikkje berre ta omsyn til økonomi, men også etikk og miljø.

- Dette høyrest veldig flott ut, men det er krevjande å få til! Det er den tredje oppgåva vår, ved sida av utdanning og forsking, og det er dette vi treng å satse på no, meiner Jakobsen.

Vere i forkant

At samhandling skal vere kjernen i identiteten til Universitetet på Vestlandet, er noko som ligg i omgrepet «det engasjerte universitetet». Denne tredje rolla må løftast, slik HVL har løfta seg på forsking over dei siste åra. Men det er ein del hinder i vegen, reflekterer Jakobsen:

– Samspel med regionen er eit sterkt ønske frå styresmaktene si side, men samstundes ligg det ikkje inne i finansieringsmodellen vår. Meir enn nitti prosent av finansieringa er knytt til studiepoeng, studieplassar og studentar, seier han.

For at samhandling og innovasjon skal bli prioritert i arbeidskvardagen, må det også bli meritterande, meiner professoren i innovasjon. Men i tillegg må vi som institusjon jobbe med å operasjonalisere verdiane som samhandlinga skal vere basert på – det vil seie, setje ord på nøyaktig kva verdiar vi vil ha som rettesnor, og korleis vi vil prioritere mellom dei. På det viset vil det bli lettare for leiarar, fagfolk og studentar å vite kva slags samarbeid det er riktig å gå inn i. Slik det er i dag, er dei verdiane ikkje tydeleg definerte.

Ikkje berre hoppe på ting

På leiarsamlinga i Førde kom Gunnhild Berge Stang, leiar for Sunnfjord utvikling, mellom anna med ei oppfordring om at HVL burde involvere seg i mineralutvinningsprosjektet til Nordic Mining i Sunnfjord. Selskapet vil utvinne mineral som er viktige for det grøne skiftet, har ein god sosial profil og vil også skape lokale arbeidsplassar. Men samstundes er planen å dumpe gruveavfall i Førdefjorden, noko som vil vere sterkt problematisk frå eit miljømessig perspektiv.

– Dette er eksempel på eit prosjekt der vi må gjere grundige vurderingar før vi vel om vi blir involverte. Vi må vere medvitne om rolla vår, og i nokre tilfelle må vi vere den kritiske stemma som dyttar prosjekt i ei riktig retning, seier Jakobsen.

– Dessutan skal vi som det engasjerte universitetet vere ein institusjon som viser veg i samfunnsutviklinga. Ikkje berre hoppe på ting, men sjølv føre an og vise kva vi meiner samfunnet treng for å bli meir berekraftig.