Millionløyving til tverrfagleg helseforsking

Gjennom livet går ein gjennom mange brot og overgangar. Kva har desse å seie for helsevanane våre? Eit nytt forskingsprosjekt vil kaste lys over dette.

– Overgangar i livet har ei stor betydning for kosthald, mosjon og allslags helserelatert åtferd, men vi veit ganske lite om kva betydning folk sine ulike ressursar har for korleis vi handterer desse brota, seier førsteamanuensis Sidse Schoubye Andersen.

Ho underviser i mat og helse ved grunnskulelærarutdanninga på HVL. Fagbakgrunnen hennar er som sosiolog, og ho har tidlegare forska på kva som skjer med folk sine måltid når dei mistar livspartnaren sin.

No skal Schoubye Andersen leie prosjektet Disruptions and social inequality in health-related behavior in old age, der ho samarbeider med helseøkonomar frå Institut for Fødevare- og Ressourceøkonomi (IFRO) ved Københavns Universitet. Dei skal undersøka kva ulike overgangar og brot i livet har å seie for folk sine helsevanar, vere det matvanar, røyking, alkoholkonsum eller andre helserelaterte val folk tar til dagleg.

Prosjektet har fått ei løyving på 6,2 millionar DKK, eller knappe ti millionar norske kroner, frå Rockwool Fonden. Rundt halvparten av pengane går til helseøkonomane i København, medan den andre halvparten går til HVL-forskaren og ein forskingsassistent.

Forbruksdata på strekkodenivå

–Vi veit at desse livsbrota har ei betydning, men vi har òg ulike føresetnadar for å møte dei, seier forskaren.

–Kan vi sjå om det er nokon forskjellar mellom grupper med ulike ressursar? spør Schoubye Andersen.

Prosjektet skal følge 96 danske informantar over 65 år, som har opplevd ulike overgangar eller livsbrot: 32 som har pensjonert seg, 32 som har blitt diagnostisert med type 2 diabetes og 32 informantar som har opplevd partnerdød. 

Halvparten av informantane er menn, halvparten kvinner, og dei er jamt fordelt på variablane låg og høg sosioøkonomisk status. Kva har dei ulike variablane å seie for helsevanane til informantane?

– Vi har forbruksdata på strekkodenivå. Alt dei kjøper i butikken blir registrert, seier Schoubye Andersen.

Gjennomfører livshistorieintervju

I tillegg til dei meir tradisjonelle variablane som er nemnde ovanfor, skal Schoubye Andersen undersøke betydninga av informantane sine sosiale nettverk. Dette er blant anna mogleg fordi prosjektet ikkje berre er basert på kvantitative metodar, men også på om lag 100 kvalitative intervju. Sistnemnde er det Schoubye Andersen som står for.

– Desse intervjua vil ikkje berre vere vanlege intervju; dei vil vere livshistorieintervju, fortel sosiologen.

Ho meiner at for å forstå stoda i dag og dei helserelaterte vala informantane gjer, må vi forstå forhistoria som har leia til dagens situasjon.

– Noko av det som er spennande med dette prosjektet, er at vi prøver å samkøyre kvantitative og kvalitative metodar. Normalt, når ein har prosjekt som arbeider med ulike metodar, blir dei haldne åtskilde, men her har vi prøvd å ha ein felles arbeidspakke, seier Schoubye Andersen.

Intervjua dannar eit bakteppe for den kvantitative spørjeundersøkinga seinare, som det er de danske helseøkonomane som skal stå for. Det er altså verkeleg snakk om eit tett samspel mellom kvalitative og kvantitative metodar i dette prosjektet.

Prosjektperioden er frå hausten 2025 til hausten 2028.