Nye midlar til to prosjekt: Korleis ta vare på norske myrer, og korleis betre kvaliteten i barnehagane
To forskingsprosjekt ved HVL har fått til saman 28,7 millionar i tildelingar frå Forskingsrådet. Dei skal på ulikt vis begge sjå på korleis vi kan bygge ei meir berekraftig framtid.
Hausten 2020 blei Knut Rydgren, prosjektleiar for forskingsprosjektet REPEAT, intervjua på Dagsrevyen. Temaet var den store øydelegginga av myrer i Noreg. NRK hadde funne ut at utbygginga av E39 mellom Kristiansand og Trondheim aleine ville forstyrre kring tusen myrer - i mange tilfelle skulle vegen gå tvers igjennom dei.
Leiaren for E39-utbygginga blei intervjua også, og då han blei konfrontert med den potensielle øydelegginga dette ville innebere, svarte han berre at dette var eit felt han ikkje visste noko om. Han såg heller ikkje korleis vegvesenet skulle få kunnskap om det.
- Dette var eit veldig typisk eksempel på korleis vi held oss til myrlandskap i Noreg: Vi overser dei. Men myrer er svært viktige for oss, både fordi dei lagrar karbon og fordi dei husar eit stort biomangfald. Likevel har norske styresmakter til no hatt langt større omsut for tropisk regnskog, seier Rydgren.
Samarbeid for å løyse samfunnsproblem
REPEAT har no fått 16,73 millionar i støtte frå Forskingsrådet, og midlane går til naturfagmiljøet i Sogndal som skal leie prosjektet. Dei kjem også til å involvere mange eksterne samarbeidspartar, til dømes naturvernorganisasjonar og utbyggarar av ulikt slag, slik som kommunar, vindkraftselskap og NVE. Berekraft er sentralt i prosjektet, sidan øydelegginga av myrer er eit stort problem med tanke på både klima og naturmangfald.
Dette var eit veldig typisk eksempel på korleis vi held oss til myrlandskap i Noreg: Vi overser dei.
Knut Rydgren
Eit prosjekt ved barnehageforskingsmiljøet i Bergen har også fått midlar frå Forskingsrådet gjennom same tildelinga, som går til samarbeidsprosjekt for å møte utfordringar i samfunn og næringsliv. Senteret BARNkunne har fått 12 millionar kroner til å sjå på temaet berekraft gjennom ein heilt annan synsvinkel: behovet for betre samarbeid mellom ulike aktørar i samfunnet for å nå felles mål innan barnehageverda.
Elin Eriksen Ødegaard og Johanna Birkeland står i spissen for det. Prosjektet har tittelen «Sustainable design in kindergarten sector through Exploration and Pedagogical Innovation Laboratory». I korte trekk skal forskarane etablere nye metodar for samarbeid med ulike samfunnsaktørar for å betre kvaliteten i barnehagar.
- Norsk oljerikdom leier til naturøydelegging
Når det gjeld klima- og naturkrisa vi står oppi, er den beste handlinga i mange tilfelle å late vere å gjere noko. Til dømes: late naturen vere i fred og stanse vidare inngrep. Men norsk oljerikdom er ei stor utfordring her, meiner Knut Rydgren – fordi vi har råd til det, vil vi bygge og bygge. Berre i Hallingdal aleine finst det no planar for utbygging av 4000 nye hytter. Det kjem til å gå utover store myrareal.
- Prosjektet vårt vil søke å skape meir kunnskap om karbonlagring i myrer – metodar for å måle kor mykje karbon som er lagra i ei enkelt myr, noko som er knytt til både volumet av myra under bakken og karbontettleik i torva, seier Rydgren.
Utbygging av vegar, hytter og vindkraftverk er tre felt som tek store jafs av norske myrområde. Då gjeld det å få fram til kva kostnad dette skjer. Kor mykje karbon blir sleppt ut som resultat, og gjer det at fornybar-gevinsten ved eit vindkraftverk kanskje blir nulla? Slik kan kunnskapen bidra til å endre avgjerder om utbygging.
Prosjektet knyt saman naturvitskapen og samfunnsvitskapen. I tillegg til å forske på omfanget av naturøydeleggingar ved å fjerne myr, skal samfunnsvitarar sjå på korleis økologisk kunnskap og argumentasjon blir brukt i utbygging av hytter, vegar og vindkraft. Dessutan skal naturvitarane også sjå på den statlege innsatsen med restaurering av øydelagde myrer, eit arbeid som starta i 2015 – i kva grad det går i ei retning som er ønska.
Stor variasjon i norsk barnehagekvalitet
Tidlegare forsking har vist at det er stor variasjon i den norske barnehagekvaliteten. Medan det daglege arbeidet med barna sluker all tida og merksemda til dei tilsette, blir dei samstundes forventa å utvikle seg og å fornye seg. Barnehagen er det første steget ut i kunnskapssamfunnet for barna, og dermed avgjerande for kva grunnlag dei får for å bli gagns og deltakande menneske som skaper framtidas samfunn.
Arkitektur og pedagogikk skal møtest for å auke graden av sosial inkludering og godt samarbeid mellom foreldre og barnehage.
Johanna Birkeland
Kva er utforsking, og korleis kan kunnskap om utforskande prosessar drive pedagogisk innovasjon i barnehagen? Dette har vore eit sentralt spørsmål for forskarane Elin Eriksen Ødegaard, Johanna Birkeland og fleire andre ved senteret BARNkunne i lang tid. Gjennom det nye prosjektet, vil dei nytte ein verkstadmodell for å skape ny kunnskap om dette i lag med partnarar frå fleire andre sektorar. Dei kallar det «ein utvida arena for kollektiv refleksjon», og eit mål for metodane dei utviklar der er at barnehagepersonalet skal bli meir utforskande og leikande i lag med barna.
- Leik, fantasi og draumar er sjeldan del av forskingsverda elles, men i forskinga vår er dette heilt sentrale tema når vi jobbar med pedagogisk innovasjon, seier Ødegaard.
Etablerer ein ny barnehage i lag
Forskarane frå HVL skal samarbeide med barnehagar i Bergen og Kinn kommune, den private barnehageeigaren Kanvas, organisasjonen Kunstpilotene frå Bergen og Designskolen Kolding i København. Til saman skal desse ulike aktørane kombinere kunnskapen sin innan ulike felt for å komme med nye svar.
- Arkitektur og pedagogikk skal møtest for å auke graden av sosial inkludering og godt samarbeid mellom foreldre og barnehage, mellom anna, seier Ødegaard.
Desse svært ulike aktørane kjem til å ha ein serie med workshops saman. Der vil dei jobbe med problem i barnehagen som kjennest gjenstridige: Barn som fell utanfor leiken av ulike årsaker, mangel på kunnskap om alle barna, og foreldresamarbeid som kan bli spesielt utfordrande i miljø prega av mangfald i foreldregruppa.
Leik, fantasi og draumar er sjeldan del av forskingsverda elles, men i forskinga vår er dette heilt sentrale tema.
Elin Eriksen Ødegaard
- Gjennom doktorgradsarbeidet mitt avdekka eg at mange barnehagar ikkje bruker systematisk observasjon for endring og utvikling av pedagogisk praksis. Dette blir utfordra gjennom prosjektet vårt, seier Birkeland.
Eit viktig mål for prosjektet blir å styrke samspelet mellom barnehagelærarutdanninga, forskingsmiljøet og barnehagane. Som ein del av prosjektet, kjem dei til å vere med på utforminga av ein ny barnehage i Bergen, Damsgårdsundet barnehage.
- Å få komme inn som forskar og vere med på utviklinga av ein ny barnehage, er spesielt og nytt. Vi ser veldig fram til å få gjere dette i lag med kunstnarar, arkitektar og barnehagearbeidarar! seier Ødegaard.