Her er vinnarane

I dag vart Språkprisen, Mangfolds- inkluderings- og likestillingsprisen, Forsknings- og utviklingsprisen (FoU-prisen) og Utdanningskvalitetsprisen delt ut ved HVL.

Språkprisen 

HVL sin språkpris er oppretta for å stimulere og gi anerkjenning til fagmiljø eller enkeltpersonar ved HVL som har gjort ein systematisk innsats for å jobbe med formidling og norsk fagspråk.

Årets pris blei delt mellom to vinnarar: Aslaug Nyrnes, emerita ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, og Eli Bjørhusdal, professor ved Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking. 

Aslaug Nyrnes har gjennom heile sin lange arbeidsinnsats ved Bergen lærerhøgskole, Høgskolen i Bergen og Høgskulen på Vestlandet vore ein systematisk, reflektert og kreativ språkleg handverkar. Ho har utvikla norsk fagterminologi og vore ein aktiv forskar og formidlar, heiter det i grunngjevinga til juryen.  

– Eg vart svært glad for prisen. For meg er språkarbeid eit handverk, språk er det avgjerande materialet i forsking, rettleiing, undervisning og institusjonsbygging. Å bli nominert må bety at språkpraksisen min blir sett og verdsett, seier Nyrnes 

Eli Bjørhusdal har gjennom fleire år vore ein dyktig pådrivar i HVL sitt språkpolitiske arbeid. Ho sat i arbeidsgruppa som skipa dei språkpolitiske retningslinjene i høgskulen, og ho har vore fast medlem i HVL sitt språkpolitiske utval sidan oppstarten i 2018.  

Prorektor for regional utvikling, Geir Kåre Resaland (t.v.) delte ut språkprisen til Aslaug Nyrnes og Eli Bjørhusdal. Rektor Gunnar Yttri til høgre.

Gjennom sitt aktive arbeid med språkdidaktikk, språkpolitikk, språkforvaltning og språk og skrift i barnehagen, har ho markert seg med ei sterk og fagleg klok språkstemme – både i utdanning, forsking og formidling, skriv juryen.  

– Høgskulen på Vestlandet blir ofte omtalt som eit språkpolitisk fyrtårn i det norske universitets- og høgskulelandskapet. Det er det mange som har arbeidd med og for i mange år. Det er utruleg kjekt for meg at bidraget mitt til språkarbeidet i HVL vert sett og anerkjent gjennom denne språkprisen, seier Bjørhusdal.  

Forskings- og utviklingsprisen  

FoU-prisen skal stimulere til å videreutvikle kvaliteten på forskinga, auka innhenting av ekstern finansiering og internasjonal anerkjenning.

Årets pris gjekk til Dhayalan Velauthapillai, professor ved Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag. 

Juryen framhevar at Velauthapillai har ein stor del internasjonale sampubliseringar og er høgt oppe på lista over dei mest publiserande forskarane i Norge.   

Arbeidet med å bygge og utvikle fagmiljø og evna til å samarbeide internt og eksternt, nasjonalt og internasjonalt bidrar til å styrke HVL sitt internasjonale forsknings- og utdanningssamarbeid, og gjer Velauthapillai til ein god ambassadør for HVL. 

– Eg er overvelda, audmjuk, stolt og glad, seier prisvinnaren av årets FoU-pris. 

FoU-prisen blei delt ut av Prorektor for forskning, Gro Anita Fonnes Flaten (t.v)

Velauthapillai seier at det betyr mykje med all støtta han har fått frå leiinga ved HVL heile veien sidan starten av forskingsarbeidet. 

– Vi står ovanfor både energikrise og klimakrise. Oppgåva vår no er å jobbe for energi og helse for alle, også for fattige, seier han. Vi jobbar med grøn energi, fra solceller og hydrogen, og vi jobbar med energilagring, sier han. 

Velauthapillai understrekar at både nasjonale og internasjonale partnarar har spela ei stor rolle i forskingsprosjekta, og han vil takke både leiinga og gode rådgjevarar i administrasjonen ved HVL for all støtta. 

Utdanningskvalitetsprisen

Utdanningskvalitetsprisen delast ut årleg og skal bidra til å stimulere fagmiljø til å jobbe systematisk med utdanningskvalitet. I år var det rundt 100 nominasjonar til prisen.

I år gjekk prisen til Knut Eriksen Eide, høgskulelektor ved Fakultet for lærarutdanning. Juryen vart imponert over at så mange av nominasjonane kom frå studentar. Det set også Eide stor pris på: 

– Det er veldig hyggeleg! Undervisinga lagast for studentane, så det betyr mykje at så mange studentar har nominert meg til prisen.  

Eide har tidlegare jobba som spesialpedagog i skolen og er tilpassa opplæring. Som undervisar på lærarstudiet er han spesielt oppteken av at studentane skal rustast til å sjå og møte kvar enkelt elev sine behov. 

– Alle lærarar vil møte elevar og klassemiljø med utfordringar og spesielle behov. Studentane bør derfor opparbeide fagleg forståing av utfordringane de møter, og kjenne til korleis ein kan tilpasse opplæringa. Å få en slik pris bekreftar i stor grad at studentane ser nytteverdien av dette.  

Kva meiner vinnaren sjølv er god undervising og korleis har han sjølv arbeida med det? 

– For ein pedagog er det umogleg å svare kort på dette spørsmålet, men eg trur lærarstudentane våre set pris på variasjon som gir idear til undervisningsmetodar i sin egen praksis. Vi har valt å satse på studentaktive læringsformer, der det skal vere låg terskel for deltaking og å komme med refleksjonar og spørsmål, seier Eide.

Knut Eriksen Eide fekk tildelt Utdanningskvalitetsprisen hjå rektor Gunnar Yttri.

For å lukkast med dette har godt samarbeid har vore avgjerande: 

– Vi har vore avhenging av spelerom frå leiinga, samarbeid med praksiskontor, arealforvaltning, eksamenskontor, studentassistenter, eksterne samarbeidspartnere, praksislærarar, og ikkje minst eit fagmiljø med positive kollegaer som også legg hjertet sitt i undervisning. Eg vil spesielt trekke frem Vibeke Foldnes Solsvik som eg har jobba i tospann med heile dette semesteret. 

Dei andre nominerte som havna blant topp tre av dei totalt 100 nominasjonane var:  

Sari Kaarina Lindeman, høgskulelektor, Institutt for velferd og deltaking, FHS, campus Bergen 

Harald Spångberg, assisterande instituttleiar, Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag, FIN, campus Haugesund 

Lindemann vart nominert av ein student, der juryen lot seg imponera øve ein godt utgreia nominasjon, som legg grunnlag for kåringa. Nominasjonen trekk fram at Lindemann er ein stor ressurs for studentane, og legg vekt på at ho er svært tilgjengeleg. Ho får studentane til å føle seg sett og kompetente. Lindemann er oppteken av at rettleiinga skal vera god for studentane, og nyttar seg av varierte og nyskapande undervisningsformer for at studentane også skal løfte kvarandre. Juryen merka seg i nominasjonen at studentane veit mykje om forelesaren sin, som visar at Lindemann byr på seg sjølv og bryr seg om å bli godt kjent med studentane sine.  

Spångberg vert nominert til utdanningskvalitetsprisen på vegne av matematikkgruppa, campus Bergen. Harald gjer en fantastisk innsats og arbeid for et godt læringsmiljø og bidreg til auka kvalitet i emna blant anna gjennom stor produksjon av læringsressursar. Harald har til dømes de par siste åra laga over 400 videoar som belyser ulike matematikk-tema. Videoane er sett over 120 000 gonger. Ikkje berre studentane har stor nytte av Haralds arbeid, også hele kollegiet i Realfagsgruppa ved IDER i Bergen, Førde og i Haugesund.  

 

Mangfolds- inkluderings- og likestillingsprisen 

Årets vinnar av LIM-prisen er Cecilie Hamnes Carlsen, ved Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking.  

Carlsen jobbar som undervisar og rettleiar i andrespråkslæring, testing og vurdering av språkferdigheiter, språkpolitikk og fleirspråklegheit. I tillegg har ho vore med å utvikle prøver for vaksne innvandrarar.  

Carlsen har i mange år jobba mot diskriminering, og for synleggjering av mangfald både på HVL og i samfunnet.  

– Det betyr veldig mykje for meg å få akkurat denne prisen. Det er viktig for meg personleg fordi eg har eit stort engasjement for likestilling, inkludering og mangfald sjølvsagt, men også fordi det betyr mykje at HVL som institusjon faktisk anerkjenner eit initiativ som leiinga kunne ha vald å tolke som utidig kritikk.  

I nominasjonen blei mellom anna hennar arbeid for betre representasjon og mangfald på nettsida til HVL trekt fram. Carlsen meiner ho blei tatt på alvor då ho varsla om manglande mangfald og er glad for å sjå at det er mogleg å samarbeide om å oppnå endring.Cecilie Hamnes Carlsen fekk Likestillings-, inkluderings- og mangfaldprisen.

Til leiarar og andre tilsette i høgare utdanningssektor som ønskjer å bli betre på mangfald, inkludering og likestilling, har ho følgjande råd:  

– Eg meiner det er viktig å være bevisst på at strukturar i samfunnet kan føre til diskriminering, marginalisering og utanforskap, sjølv om det ikkje ligg diskriminerande eller rasistiske intensjonar til grunn, seier ho og utdjupar:

– I høgare utdanning kan vi ha ei blindsone for diskriminering når det gjeld bildebruk og illustrasjonar på heimesidene våre, men også når det gjeld opptaksreglar til studiar, tekst på heimesider, eksempel og bilete i forelesingar, kven vi refererer i publikasjonane vi skriv, eller kven vi tilset. Det er nødvendig å være bevisst på og aktivt utforske denne blindsona. Her har alle tilsette eit ansvar for å gå ei ekstra runde, og ikkje minst leiarar, sjølvsagt, avsluttar ho.